Bodin

tidlegare kommune i Nordland fylke i Noreg

Bodin er ein stad i Nordland. Han var tidlegare ein eigen kommune, men er no del av Bodø kommune.

Bodin med Bodin kyrkje fotografert mellom 1950 og 1952.
Bodin før 1960.
Bodø landbruksskole, Bodin kyrkje og Bodøgård fotografert rundt 1885.

Namnet Bodin var opphavleg eit gardnamn. Det blei brukt om Bodøgaard, som frå 1600-talet var bustad for lensherren og seinare amtmannen. Namnet er truleg danna av bodi, 'båe' eller 'grunne' og vin, 'naturleg eng', og har same utgangspunkt som Bodø.

Bodin kommune omfatta fastlandet nordover til Mistfjorden og austover til Tverrlandet, sørsida av Saltfjorden austover til Svefjorden innanfor Saltstraumen med fjelltraktene i sør, saman med øyane utenfor, mellom anna Helligvær, Landegode, Bliksvær og Givær.

Kommunen blei oppretta i 1837 under namnet Bodø Landdistrikt, i 1896 blei namnet endra til Bodin.

I 1938 blei ein del av Bodin kommune med 559 innbyggjarar slått saman med Bodø kommune. Ein ny del av Bodin, med 1303 innbyggjarar, blei slått saman med Bodø 1. januar 1959. 1. januar 1963 blei Vågan, Naurstad og Holand, ein del av Skjerstad kommune med 224 innbyggjarar, slått saman med Bodin.

1. januar 1964 blei størstedelen av Kjerringøy kommune og Øyjordområdet i Sørfold slått saman med Bodin. Ved samaslåinga hadde Bodin kommune 11 346 innbyggjarar.

1. januar 1968 blei Bodin kommune slått saman med bykommunen Bodø. Ved denne samanslåinga hadde Bodin kommune 13 323 innbyggjarar.

Kjende personar frå Bodin endre

  • Eilert Adelsteen Normann, (1848–1918), målar
  • Louise Engen (1873–1947), fotograf, politikar og kvinnesakskvinne
  • Hans Berg (1902–1980), stortingsmann og KrF-politikar
  • Reidar Carlsen (1908–1987), forstmann og Arbeiderparti-politikar
  • Carl Johan Eliassen (1927–1973), rådmann i Bodin kommune, 1963-1967. Finansrådmann i Bodø etter kommunesamanslåinga i 1968. Finansrådmann i Bodø kommune fram til sin død i 1973.

Sjå òg endre

Kjelder endre