Hans Brattskar
norsk politikar
Hans Brattskar (fødd 1. juli 1956) er ein norsk embetsmann som har arbeidd som ambassadør på Sri Lanka, rådgjevar i SN og sidan 2008 leiar for regjeringa sitt klima- og regnskogprosjekt. Frå 2013 til 2015 var han statssekretær i Utanriksdepartementet i regjeringa Solberg.
Hans Brattskar | |||
Foto: Norsk olje og gass | |||
Fødd | 1. juli 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | Diplomat | ||
Verv | Statssekretær i Utanriksdepartementet 16. oktober 2013–2015 | ||
Alle verv |
|
Hans Brattskar er utdanna siviløkonom og statsvitar i USA. Han har arbeidd i norsk utanriksteneste sidan 1986. Frå 1993 til 1998 hadde han leiarstillingar ved sekretariata til bistandsministeren og seinare utviklingsministeren. Brattskar var ministerråd ved SN-delegasjonen i New York frå 1998 til 2003, og var frå 2003 til 2007 norsk ambassadør]] på Sri Lanka. I 2008 blei han tilsett som leiar for den norske regjeringa sitt klima- og regnskogprosjekt.
Kjelder
endre- Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Frode Jacobsen, red., «Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2003 - 30. juni 2004», St.meld. nr. 9 (2004-2005)
- Miljøverndepartementet, Andreas Keus, red., Hans Brattskar ansatt som leder av klima- og regnskogprosjektet