Statssekretær er eit politisk lønna verv i ei rekkje land, mellom anna Noreg, Sverige og Tyskland.

Statssekretær i Noreg endre

Ein statssekretær er rangert umiddelbart etter statsråden i vedkomande departement, og verkar i realiteten som vise-statsråd i det daglege arbeidet når det gjeld handsaming av politiske saker. Ofte vil statsråden og ein eller fleire statssekretærar seg imellom dele dei saksområda departementet har ansvar for, og statsekretæren vil kunne uttale seg offentleg om politiske saker, men statsråden er politisk ansvarleg for alt.

Ein statsekretær har ingen formell rolle som del av regjeringa, møter aldri i statsrådSlottet og fungerer aldri som formell vikar i statsrådens fråvær. Dersom ein statsråd er forhindra frå å vareta embetet på grunn av fråvær eller inhabilitet, vert det oppnemnt ein sette-statsråd mellom dei andre statsrådane for ein periode, eller for handsaming av den aktuelle saka.

Historikk endre

Etter andre verdskrigen kom spørsmålet om avlasting av statsrådane opp, og ei saksutgreiing foreslo å opprette politiske stillingar som statssekretærar som kunne ta noko av arbeidsbøra i nokre av departementa. Dette vart også vedteke, og dei første 6 statssekretærane vart utnemnde 11. juli 1947. I ettertid har alle departementa fått statssekretær, og dei største departementa og statsministeren sitt kontor har fleire statssekretærar.[1]

1814–1925 endre

Då prins Christian Frederik 2. mars 1814 oppnemnde eit regjeringsråd, blei det det også oppretta eit embete som sekretær for rådet. Innehavaren fekk tittelen regjeringssekretær. Grunnloven av 17. mai 1814 fastsette at kongen sitt råd skulle heite «statsrådet», og sekretærembetet for statsrådet fekk deretter namnet statssekretær.

Under unionen mellom Sverige og Noreg var statssekretæren sekretær for statsrådsavdelinga i Christiania. Etter kvart utvikla det seg til eit sekretærkontor med fleire tilsette, men leiaren hadde framleis tittelen statssekretær. Det var også eit sekretærembete ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Innehavaren av embetet hadde mesteparten av tida tittelen ekspedisjonssekretær, men hadde frå 1822 til 1841 tittelen statssekretær.

Ordninga med statssekretær heldt fram etter unionsoppløysinga i 1905, men tittelen blei i 1926 endra til statsrådssekretær.

Andre tydingar endre

I mange engelsktalande land er Secretary of State tittelen til ein minister som leiar eit departement eller ministerium. I USA er dette tittelen til utanriksministeren. I Vatikanstaten er Segretario di Stato eit embete som tilsvarar statsminister.

Fotnotar endre