Hans E. Strand

norsk politikar

Hans E. Strand (20. august 19344. mai 2000) var ein norsk skogmann og politikar frå Modum i Buskerud. Han representerte Buskerud og partiet HøgreStortinget frå 1977 til -85.

Hans E. Strand
Fødd 20. august 1934
Modum
Død

4. mai 2000

Yrke politikar

Liv og gjerningEndra

Strand tok eksamen ved Statens skogskole på Kongsberg i 1957. Deretter studerte han ved skogbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskule til 1960. Dei neste ti åra arbeidde han med skogforsking ved same institusjonen.

Perioden 1970-77 var Strand heradsskogmeister i heimkommunen Modum. Han engasjerte seg i politikken for Høgre, var medlem av kommunestyret fireårsbolken 1976-79. Ved stortingsvalet 1977 vann han seg fast plass på Stortinget, der han 1977-81 var medlem av Sosialkomitéen. Etter han vart attvald i 1981 var han nestformann både i Kyrkje- og undervisningskomitéen, og i Kontrollkomitéen. I tillegg var han medlem av Valkomitéen.

Strand forlét Stortinget i 1985 og var dei neste seks åra gardbrukar. Samstundes var han styreleiar i Direktoratet for Statens skoger 1985-92, og i Riksteateret 1985-93. På ny vart han aktiv i lokalpolitikken, medlem av formannskapet i Modum frå 1987 til -95. Kommunestyremedlem frå hausten 1999. Frå 1991 til han døydde våren 2000 arbeidde Strand som skogstyrar.

KjelderEndra