Hans E. Møller

norsk politikar
(Omdirigert frå Hans Eleonardus Møller)

Hans Eleonardus Møller (8. november 180412. juni 1867) var ein norsk kjøpmann, skipsreiar og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark. Han var far til Hans Møller og svigerson til Jacob Aall.

Hans E. Møller
Fødd8. november 1804
Død12. september 1867 (62 år)
Statsborgar avNoreg
Partipartilaus
Yrkehandelsmannn, reiar, politikar
FarHans Eleonardus Møller, Sr.
BarnHans Møller
Alle verv

Møller var son til ein skipsreiar og trelasthandlar i Porsgrunn. Etter han vart student i 1820 og tok andreeksamen i 1821, la han ut på ei utanlandsreise for å lære seg til kjøpmann. Sidan var han kjøpmann og skipsreiar i Porsgrunn. I 1837 fekk han stifta Langesundsfjordens assuranseforening, seinare kalla Den første norske assuranseforening, eit selskap han styrte til 1860. Han stifta då Det norske Lloyd, eit selskap han styrte til han døydde sju år seinare.

Møller var frå 1853 leiar av Porsgrunds Sjøforsikringsselskap og ein av stiftarane av Det norske Veritas. Han var også med å stifte Gjerpen sparebank og sat mange år i formannskapet i Gjerpen herad. Møller representerte Bratsberg amt på stortinga 1845, 1851 og 1857 og på Omframtstortinget 1858. I 1845 var han medlem i Kyrkjekomite nr 1, medan han både i 1851 og 1857 hadde sete i Næringskomite nr 1.

Han døydde i 1867 på gardseigedomen sin i Gjerpen, 62 år gammal.

Kjelder endre