Hans Evju

norsk politikar

Hans Oskar Evju (6. januar 188620. juni 1967) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Sandsvær i Buskerud som representerte BondepartietStortinget i tida 1950-57.

Hans Evju
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1886
Sandsvær prestegjeld
Død

20. juni 1967 (81 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Evju var son til ein gardbrukar i Ytre Sandsvær herad. Han gjekk landbruksskule i 1906, og allereie same året tok han over farsgarden, 20 år gammal, og vart også skogeigar.

Han engasjerte seg i lokalpolitikken og var ordførar i Ytre Sandsvær 1923-28 og 1932-34. Perioden 1926-28 var han også formann i fylkestinget i Buskerud. Evju hadde fleire leiarposisjonar i skognæringa; han var formann 1926-57 i Lågendalen skogeierforening, 1930-46 i Ytre Sandsvær skogeierforening og i Buskerud skogselskap 1938-52. Frå 1941 til 1957 sat han sentralt i Norges skogeierforbund, dei fyrste åtte åra som varaformann og dei siste åtte som formann i forbundet.

Hausten 1949 vart Evju vald til stortingsrepresentant frå Buskerud og Bondepartiet, attvald i 1953. I alle åtte åra han vart tingmann, var han medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen. Han var medlem i Jordlovkomiteen 1947-53.

Kjelder endre