Hans Frette

norsk politikar

Hans Frette (2. september 192716. oktober 1989) var ein norsk arbeidar og politikar frå Sauda. Han var stortingsrepresentant frå Rogaland og Arbeidarpartiet frå 1977.

Hans Frette
Fødd2. september 1927
Sauda kommune
Død16. oktober 1989 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Frette var son til ein fabrikkarbeidar. Frå 1942 arbeidde han som bod i Televerket på heimstaden. Sidan hadde han Televerket som arbeidsgjevar til han vart pensjonert. Han var telefonarbeidar frå 1947, telefonmontør frå 1953, telefonformann frå 1967 og montasjeleiar frå 1971.

Frette deltok i lokalpolitikken og vart vald til varaordførar i Sauda for 1966-67. Deretter var han ordførar i ti år frå 1968 til -77. Han var landsstyremedlem i Det norske Arbeidarparti i tida 1965-1977. I 1977 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet og Rogaland på Stortinget, attvald 1981 og 1985. Alle tolv sesjonane på Tinget var han medlem i Samferdslekomiteen.

Kjelder endre