Hans Jørgen Bauck
norsk advokat og politikar
Hans Jørgen Bauck (25. oktober 1861–1926) var ein norsk sakførar, tenestemann og Høgre-politikar frå Trondheim.
Hans Jørgen Bauck | |||
| |||
Fødd | 25. oktober 1861 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 17. januar 1926 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, advokat, rådmann | ||
Alle verv |
|
Bauck var son til ein kjøpmann. Han vart student frå Trondhjems Katedralskole i 1879 og tok juridisk embetseksamen i 1883. I tida 1881-86 var han eidsvoren fullmektig hos byfuten i Trondheim, sidan dreiv han som overrettssakførar i tida 1886–1905. Frå 1904 var han borgarmeister i Trondheim til han døydde.
Bauck var ordførar i Trondheim perioden 1902-04. Valbolken 1913-15 representerte han einmannkrinsen Kalvskinnet og partiet Høgre på Stortinget, der han som medlem av Jarnbanekomiteen arbeidde for å få bygt Dovrebanen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Jørgen Bauck NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv