Hans Aall
norsk kunsthistorikar
(Omdirigert frå Hans Jacob Aall)
Hans Jacob Aall (20. september 1869–6. november 1946) var ein norsk bibliotekar og museumsbestyrar frå Arendal. Etter å ha teke det filosofiske kandidaturet i 1890 gjorde han i nokre år teneste ved Universitetsbiblioteket. I 1893 var han sekretær for den nordenfjeldske Kunstindustriutstilling i Trondheim og hadde så ein stor andel i grunnlegginga av Kunstindustrimuseet her. Han tok i 1894 initiativet til grunnlegginga av Norsk Folkemuseum, som opna i 1896, og var her sidan konservator og frå 1904 direktør.
Hans Aall | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1869 Arendal |
Død |
6. november 1946 (77 år) |
Yrke | kunsthistorikar |
Språk | norsk |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Far | Diderich Maria Aall |
Hans Aall på Commons |
Hans Aall var son av Diderich Maria Aall, og oldeborn av Niels Aall. Sjå òg slekta Aall.
Litteratur
endre- Tonte Hegard: Hans Aall — mannen, visjonen og verket. 1994
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hans Aall» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.
- Denne artikkelen baserer seg heilt eller delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).