Hans Jakob Aschjem

Hans Jakob Olsen Aschjem (27. februar 182527. februar 1895) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold.

Hans Jakob Aschjem
Fødd 27. februar 1825
Lardal
Død

11. mars 1895 (70 år)
Lardal

Yrke bonde, politikar

Aschjem var son til ein gardbrukar i Lardal. Sjølv gifta han seg i 1846 til garden Grini i Lardal og overtok denne etter svigerfar sin. Han fekk plass i heradsstyret i 1856, og var med der i lang tid, perioden 1874-81 var han ordførar. Elles var han forlikskommissær 1866-73 og 1883-95.

Aschjem var stortingsmann frå Jarlsberg og Larvik amt 1862-73 og 1877-79. Frå 1862 til 1866 var han medlem av protokollkomiteen, 1862-63 av skoglovskomiteen, medan han 1868-73 og 1877-79 var medlem av budsjettkomiteen. Elles var han medlem av Lagtinget 1872-73 og 1877-79. I 1873 var han med i Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Han døydde på garden sin i Lardal i 1895.

KjelderEndra