Hans Lindberg

Hans Óttar Lindberg Tómasson (fødd 1. august 1981) er ein islandsk-dansk handballspelar, fødd i Høje-Taastrup i Danmark. Han vart europameister 2012 og verdsmeister 2019 med Danmark. Lindberg, som er høgrekant-spelar, vann EHF-meisterligaen 2013 for HSV Hamburg og EHF-cupvinnarcupen 2018 for Füchse Berlin.

Hans Lindberg

Hans Lindberg 05.jpg

Statsborgarskap Danmark
Fødd 1. august 1981 (41 år)
Høje-Taastrup kommune
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Handball-VM 2019 for menn

KarriereEndra

KlubbspelEndra

Lindberg spelte frå 1999 til 2005 for Helsinge, eit lag der han utmerkte seg som ein av dei mestskårande i den danske handballserien. Etter to sesongar i Viborg HK, gjorde han i tida 2007-16 teneste for den tyske bundesliga-klubben HSV Hamburg. Han var då med om å vinne DHB-pokalen 2010, bundesliga 2011 og EHF-meisterligaen 2013. Både i 2010 og 2013 stod Lindberg att som toppskårar i bundesliga. I den 27. serieomgangen våren 2015 vart han alvorleg skadd etter å ha støytt saman med målvakta til Füchse Berlin. Eine nyra var så skadd at det tok om lag 10 månader før han atter kunne spele kamp. I januar 2016 byrja Lindberg spele for Füchse Berlin, ettersom HSV Hamburg sleit med økonomien. Han skåra 6 av måla då Füchse Berlin sigra 28-25 over franske Saint-Raphael i finalen i EHF-cupvvinarcupen.

LandslagsspelEndra

Lindberg debuterte for Danmark sitt landslag i 2003. Han var med om å vinnee bronse under VM 2007, men fekk lite speletid. Sidan den gong har Lindberg og Lasse Svan delt på å spele høgrekant i landslaget. Lindberg var mellom anna med på sikra Danmark EM-gull i 2008 i Norge, VM-sølv i 2011 og EM-gull i 2012. Under verdsmeisterskapen 2019 i Tyskland/Danmark vart han skadd mot Chile, men vende tilbake i finalen og spelte nokre minutt i slutten av kampen. Grunna skade i EM-troppa 2022, vart han kalla inn og deltok, 40 år gammal, i tre av EM-kampane.

MerittarEndra

 
Hans Lindberg i HSV Hamburg-drakt
  • VM-gull: 2019
  • EM-gull: 2008 og 2012
  • VM-sølV: 2011 og 2013
  • EM-sølv: 2014
  • VM-bronse: 2007
  • EM-bronse: 2022
  • Vinnar av EHF-ligaen: 2013 for HSV Hamburg
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 2018 for Füchse Berlin
  • Tysk seriemeister: 2011 for HSV Hamburg
  • Tysk cupmeister: 2010 for HSV Hamburg

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Hans Lindberg» frå dk, den 3. februar 2022.