EHF-meisterligaen i handball 2013/Menn
Meisterligaen i handball 2013 for menn var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel, deretter spel i fire grupper à seks lag. Dei 16 beste laga i gruppespelet gjekk så vidare til utslagsspel med heimekamp og bortekamp. Vinnarane av kvartfinalane møttest til finalespel i Köln helga 1. og 2. juni.
Finalespelet
endre- FC Barcelona – KS Kielce 28–23
- HSV Hamburg – THW Kiel 39–33
Bronsefinalen
endre- KS Kielce –THW Kiel 31–30
Finalen
endre- HSV Hamburg – FC Barcelona 30–29 etter ekstraomgangar
Barcelona leia 11-9 ved pause. Etter 60 minuttar stod det likt, 25-25. I ekstraomgangane skåra Hamburg 5 mål, Barcelona 4.
Hamburg sine målskårarar var: Michael Kraus (6), Hans Lindberg (6), Fredrik Petersen (5), Domagoj Duvnjak (4), Marcin Lijewski (3), Torsten Jansen (2), Blaženko Lacković (2), Igor Vori. Målvakt Johannes Bitter.
Flest mål i kampen gjorde Barcelonas Siarhei Rutenka (8).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League 2012/13» frå Wikipedia på tysk, den 14. oktober 2022.