Hans Misvær

Norske hagebrukar

Hans Mikal Pedersson Misvær (25. august 18641938) var ein norsk hagebrukspioner frå Skjerstad i Nordland.

Hans Misvær
Fødd 25. august 1864
Død

1938 (73 år)

Yrke skribent

Misvær tok eksamen ved Steinkjer skogskule i 1885 og Noregs landbrukshøgskule i 1889. Sidan studerte han i periodar i Tyskland. Tida 1896-1900 var han lærar på Sandveds hagebruksskule i dåverande Høyland herad. Etter han fekk undervisningstilling ved Landbrukshøgskulen på Ås i 1900, var han tilsett på høgskulen til han vart pensjonert i 1934. Han var då 1908-19 overlærar og 1919-34 professor i fruktdyrking.

Misvær arbeidde iherdig med å fremje fruktdyrkinga og -omsetnaden, og med å få opprette skulehagar. Han skreiv fleire fagbøker, mellom andre Smaahave-bogen (1906), Planteskolen og frugthaven (1919) Frugthaven (1933 og Fruktdrikk (1935).

KjelderEndra