Hans Nordahl

norsk fotballspelar

Hans Nordahl (29. april 191815. august 1993) var ein norsk fotballspelar frå Oslo. Han spelte i alle år for IK Skeid og vart cupmeister fem gongar i tida 1947-58.

Hans Nordahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1918
Christiania
Død

15. august 1993

Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Indreløparen Nordahl spelte for Skeid i over 20 år. Han la opp fyrst etter 1960-sesongen, 42 år gammal. Gjennom dei mange sesongane var han ofte den mest sentrale spelarane bak dei fem NM-triumfane til Skeid. Etter å ha vunne cupfinalen i 1947, kom den store perioden frå 1954 til 1958, då Skeid og Nordahl vann fire av dei fem NM-finalane. Han var nær 40-og-eit-halvt år gammal då han vart norsk meister siste gongen, og er med det den eldste fotballspelaren som har vunne NM-gull. I alt spelte 544 kampar på Skeid.

Nordahl debuterte for Noregs landslag 2. oktober 1938 i Stockholm, og skåra eitt av måla då heimelaget måtte tole tap 2-3. Han spelte sin 19. og siste landskamp i 1954, etter å ha skåra i alt åtte landslagsmål.

MerittarEndra

  • Norsk meister: 1947, 1954, 1955, 1956 og 1958 med Skeid

KjelderEndra