Hans Mathias Olsson Vindenes (fødd 30. juli 1896 på Vindenes i Fjell kommune, død 9. november 1973) var ein norsk fiskar, fiskebåtreiar og organisasjonsleiar.

Hans O. Vindenes
Fødd 30. juli 1896
Død

14. november 1973 (77 år)

Hans Vindenes starta tidleg med fiske. Frå han var 18 år verka han som notbas under sildefiske. På det området fekk han ry som den fremste i si tid.[1][2] Han kjøpte det første fiskefartøyet i 1931, og bygde opp eit solid reiarlag.

Vindenes var med i styret i mange fiskeriorganisasjonar. Han var sentral i oppbygginga av Fiskebåtredernes Forbund. Han var nestformann i 13 år, og overtok som formann då Knut Vartdal omkom ved ei ulukke i 1959. Hans Videnes var formann til 1964.

Hans O. Vindenes var ein omtykt skribent. Dagbøkene hans frå storsildfisket kom som vedlegg til fiskeridirektøren sin årsrapport i fleire år.

Kjelder endre

  1. Myrstad s. 120
  2. Norsk Fiskerinæring s. 30