Fjell kommune
Fjell kommune er ein tilegare norsk kommune i Hordaland fylke. Øykommunen låg utanfor Bergen i Vestland fylke, og omfatta fleire øyar. Mellom desse kan nemnast Alvøy, Bildøy, Bjorøy, Litlesotra, Misje, Turøy i tillegg til nordre del av Sotra. Sørparten av Sotra høyrer til Sund kommune. Nabokommuna i nord er Øygarden. Over Hjeltefjorden i nordaust låg Askøy som eigen kommune. 1. januar 2020 vart Fjell slegen saman med Sund og Øygarden kommunar til nye Øygarden kommune.
Fjell kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Adm.senter | Straume | ||
Areal | 148 km² | ||
• land | 141 km² | ||
• vatn | 7 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Marianne S. Bjorøy (Ap) | ||
Kommunenr. | 1246 | ||
Fjell 60°20′50″N 5°02′49″E / 60.347222222222°N 5.0469444444444°E | |||
Kart som viser Fjell kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Fjell (former municipality) | |||
Nettstad: www.fjell.kommune.no |
Fjell kommune var ein kommune i vekst. Etter at Sotrabrua stod ferdig i 1971 vaks innbyggjartalet frå under 7000 til godt over 20.000 på 2000-talet. Administrasjonen heldt til på Straume på Litlesotra like ved kjøpesenteret Sartor Senter.
Lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden er Vestnytt.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling for Fjell kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3] | 1.1.1961[3] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
4786a | 4265a | 5169a | 5172a | 5418a | 6936 | 10 517 | 14 956 | 18 541 | 21 823 |