Hans Peter Norløff

stortingsrepresentant

Hans Peter Norløff, også H.P. Norløff, (18. august 18676. november 1947) var ein norsk kontormann frå Arendal som valbolken 1916-18 representerte einmannskrinsen Fredrikshald og partiet HøgreStortinget.

Hans Peter Norløff
Hans Peter Norløff.jpg
Fødd18. august 1867
Arendal
Død6. november 1947 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Norløff var son til ein skipshandlar. Sjølv arbeidde han i Saugbrugsforeningen i Halden frå 1883 til 1924, frå 1908 som kontorsjef. Åra 1925-39 var han overformyndar i Halden, styreformann i Fredrikshalds Sparebank frå 1936.

Norløff var bystyremedlem i Halden 1910-22, halve tida med i formannskapet. Frå 1916 til 1918 møtte han som byens representant på Stortinget, der han var medlem i Konstitusjonskomiteen. Han gav i 1935 ut sogeverket Saugbrugsforeningen gjennom 75 år 1859-1934 og i 1942 Slekten Wiel.

KjelderEndra