Hans Skikkelstad

norsk politikar

Hans Hansson Skikkelstad (4. september 178929. mars 1843) var ein norsk gardbrukar, industrireisar og stortingsmann frå Vardal i Oppland. Han var svigerfaren til Ole Mustad.

Hans Skikkelstad
Fødd 4. september 1789
Vardal
Død

29. mars 1843 (53 år)
Vardal

Yrke politikar, bonde

Skikkelstad var frå garden Bråstad i Vardal, der far hans var garbrukar. Sjølv var han frå 1809 gardbrukar på Skikkelstad i heimbygda. Ei tid var han i tillegg med på å forpakte Gjøvik glasverk. I året 1832 grunnla han og ein kompanjong Brusveen staaltraad- og spikerfabrik ved Hunnselva i Vardal. År 1838 busette han seg på garden Brusveen.

Skikkelstad var 4. representant frå Kristians amtStortinget i 1833, medlem av militærkomiteen. Ved det førre stortingvalet, 1830, vart han vald til 2. varamann. 1838-39 var han den fyrste ordføraren i Vardal.

Han døydde på garden sin, Brusveen i Vardal, i 1843. Industriverksemda gjekk då over til svigersonen Ole Mustad, som seinare vart til firma O. Mustad & Søn.

KjelderEndra