Hans Tilkowski (12. juli 19355. januar 2020) var ein tysk fotballspelar frå Dortmund som i 1966 vann cupvinnarcupen med Borussia Dortmund og i VM-finalen same året vakta Vest-Tysklands mål mot England, ein kamp som enda med engelsk siger 4-2 etter ekstraomgangar. Målvakta stod 39 landskampar for Vest-Tyskland i tida 1957-67.

Hans Tilkowski
Hans Tilkowski.jpg
Fødd 12. juli 1935
Fødestad Dortmund
Død 5. januar 2020

KlubbspelEndra

Frå 1955 til 1962 var Tilkowski målmann på Westfalia Herne, eit lag som spelte i Oberliga-West, ein liga Herne vann i 1958/59-sesongen. Til opninga av bundesligaen i 1963 hadde han meldt overgang til Borussia Dortmund, eitt av dei laga som hadde fått plass i den nasjonale toppserien i Vest-Tyskland. Med Borussia vann han i 1965 DFB-pokalen (cupmeisterskapen) og året etter finalen i cupvinnarcupen med 2-1 over Liverpool FC.

LandslagsspelEndra

Tilkowski debuterte på det vesttyske landslaget 3. april 1957. Han var med i VM-troppa 1962, utan å kome i spel. Under verdsmeisterskapen i fotball 1966 i England vakta han Vest-Tysklands mål i alle kampane, også VM-finalen på Wembley stadion 29. juli 1966 der han i ekstraomgangane to gongar måtte kapitulere for avslutingar frå England-spissen Geoff Hurst. Etter VM spelte Tilkowski ein einaste landskamp, i april 1967 kledde han på seg landslagsdrakta for 39. og siste gong.

Tilkowski vart i 1965 vald til årets spelar i Vest-Tyskland. Han la opp i 1967.

KjelderEndra