Hans Vinjarengen (20. august 19051. februar 1984) var ein norsk kombinertløpar. Han vart fødd i Dælibygda i Nordre Land, og døydde i Oslo.

Hans Vinjarengen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1905
Nordre Land kommune
Død

1. februar 1984 (78 år)
Oslo

Yrke skihoppar, kombinertløpar, langrennsløpar
Høgd 183 centimeter
Hans Vinjarengen på Commons

Vinjarengen vart omtala som ein dristig og stilfull krafthoppar. Etter mange gode plasseringar vann han Holmenkollrennet i 1930. Her vann han på nytt i 1934.

Vinjarengen vart verdsmeister i kombinert både i 1929 og 1930. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen saman med Ole Stenen i 1931. Frå OL hadde han sølv og bronse. Noregsmeister vart og to gonger.

Hans Vinjarengen var på topp til 1940.

Nokre resultat

endre

Holmenkollen:

  • 2. premie hopp, junior 1924
  • 5. premie kombinert, klasse B 1925
  • 5. premie kombinert, klasse B 1926
  • 4. premie kombinert, klasse A 1927
  • 5. premie kombinert, klasse A 1928
  • Kongepokal 1930
  • 3. premie kombinert, klasse A 1931
  • 2. premie kombinert, klasse A 1932
  • Kongepokal 1933
  • 2. premie + Damenes pokal 1934
  • 25. premie kombinert 1946

Noregsmeisterskap:

  • 4. premie, klasse B 1926
  • Kongepokal 1929
  • 3. premie kombinert, klasse A 1931
  • Kongepokal + Damenes pokal 1934*

Verdsmeisterskap:

  • 1. premie kombinert, Zakopane 1929
  • 4. premie spesielt hopp, Zakopane 1929
  • 1. premie kombinert, Oslo 1930
  • 3. premie kombinert, Sollefteå 1934
  • 4. premie 4 x 10 km. stafett, Sollefteå 1934
  • 7. premie spesielt hopp, Sollefteå 1934
  • 3. premie kombinert, Lahti 1938

Olympiske leikar:

  • 2. premie kombinert, St. Moritz 1928
  • 3. premie kombinert, Lake Placid 1932