Hansen Island
Hansen Island er ei øy som ligg like nord for The Gullet, inst i Hanusse Bay, utanfor vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill, som nytta det provisoriske namnet «North Island». Øya vart kartlagd på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey, og fekk det nye namnet i 1954 av UK Antarctic Place-Names Committee etter Leganger H. Hansen, manager ved Christian Salvesen sin kvalstasjon i Leith Harbor på Sør-Georgia, 1916–37, og som assisterte BGLE, 1934–37.[1]
Hansen Island | |||
øy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 67°6′S 67°37′W / 67.100°S 67.617°W | ||
Lengd | 11 km | ||
Hansen Island 67°06′00″S 67°37′00″W / 67.1°S 67.6167°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Hansen Island». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hansen Island» (innhald frå Geographic Names Information System).