Christian Salvesen

kvalfangst og transportselskap
Denne artikkelen handlar om selskapet. For for forretningsmannen, sjå Christian Salvesen (1827–1911).

Christian Salvesen Plc var eit skotsk transport- og logistikkselskap med ca 14 000 tilsette i seks land då det hausten 2007 vart kjøpt opp av det franske transportselskapet Norbert Dentressangle.

Tidleg historie endre

 
Den nedlagde hvalfangststasjonen i Leith Harbour.
 
Lastebil frå Christian Salvesen.

Christian Salvesen emigrerte frå Mandal til Leith i Skottland i 1851, der han dreiv skipsmeklingsfirma saman med broren Johan Theodor Salvesen og James Turnbull. I 1872 trekte Christian seg ut av dette samarbeidet og etablerte sitt eige skipsmeklingsfirma, Christian Salvesen & Co.

Frå byrjinga av 1900-talet involverte selskapet seg i kvalfangst. Med kvalfangstkompani på Island (Hellisfjord), Færøyane (Thorsvaag) og på Shetland, var Salvesen tidleg på 1900-talet den største aktøren innan nordfangsten.

Deretter etablerte selskapet seg i Antarktis og opererte frå 1908 til 1915 ein base på New IslandFalklandsøyane. I 1909 vart basen Leith Harbour (kalla opp etter basen til Salvesen i Skottland) på Sør-Georgia oppretta. I 1911 starta ein pelagisk fangst med kokeria «Neko» og «Horatio», hovudsakleg ved Sør-Shetlandsøyane. Leith Harbour var frå 1915 den største landstasjonen i verda, noko han vart verande til inntil all fangst frå Sør-Georgia opphøyrde tidleg i 1960-åra.

I perioden 1950–1962 tilhøyrde kvalkokeria «Southern Harvester» og «Southern Venturer» Christian Salvesen. Kvalkokeria var flytande fabrikkar, og mottok fangst frå rundt ti kvalbåtar kvar. Ein av selskapet sine kvalbåtar, «Southern Actor», er museumsskip ved kvalfangstmuseet i Sandefjord.

Moderne historie endre

Salvesen slutta med kvalfangst etter sesongen 1962/63, men fortsette som eit suksessrikt selskap innan transport og logistikk. I 1985 vart Salvesen eit offentleg aksjeselskap med varierte aktivitetar som shipping, teglverk, husbygging, fryselagring og utleie av generatorar. Selskapet fokuserte etterkvart på europeisk logistikk og kjøpte opp Swift Transport Services i 1993, samstundes som aktivitetar utanom logistikk vart selt.

Sidan midten av 1990-åra har det vore fleire forsøk på oppkjøp og samanslåingar, før det franske selskapet Norbert Dentressangle kjøpte Salvesen for 254,4 millionar pund hausten 2007. Sjølve overtakinga skjedde 14. desember same år.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Gerald Elliot: A Whaling Enterprise. Salvesen in the Antarctic, Wilby: Michael Russell, 1998. ISBN 0-85955-241-1