Har Kedumim (hebraisk הר הקפיצה arabisk جبل القفزة) er eit fjell i Nasaret, nær byen Nof HaGalil.

Har Kedumim
fjell
Land  Israel
Del av Nedre Galilea
Topp Nasaret
 - høgd 395 moh.
 - koordinatar 32°40′58″N 35°17′55″E / 32.68278°N 35.29861°E / 32.68278; 35.29861
Kart
Har Kedumim
32°40′59″N 35°18′04″E / 32.683055555556°N 35.301111111111°E / 32.683055555556; 35.301111111111
Wikimedia Commons: Mount Precipice

Mange meiner at det er staden der Jesus vart avvist, som skildra i Lukasevangeliet 4:29-30 - Folket i Nasaret, som ikkje aksepterer Jesus som Messias, prøver å presse han utfor fjellet, men «han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.»[1]

Arkeologiske utgravingar i Qafzehgrotta i fjellet har funne spor av menneske, som er estimerte til å vere 100 000 år gamle. Menneskeskjelett vart funnen gravlagd i raud oker, som indikerer at gravene var symbolske. Før denne oppdaginga trudde forskarar at symbolsk resonnement utvikla seg mykje seinare, for kring 50 000 år sidan.[2]

På 1900-talet låg det eit steinbrot i fjellet. Hovudveg 60 går gjennom ein tunnel i fjellet, der det gamle steinbrotet låg, og knyter Afula og Jezreeldalen til Nasaret.[3]

Den 14. mai 2009 heldt pave Benedikt XVI ei messe på fjellet då han vitja Israel. 40 000 menneske deltok i messa.[4]

Kjelder endre

  1. «The Mount of Precipice». Nasaret Cultural & Turisme Association. Arkivert frå originalen 23. oktober 2013. Henta 4. oktober 2014. 
  2. Dr David Whitehouse (11. desember 2003). «Cave colours reveal mental leap». BBC NEWS. Henta 4. oktober 2014. 
  3. Eli Ashkenazi (18. november 2008). «New "Tunnels Road" will connect Afula to Nasaret and Nasaret Illit». HAARETZ. Henta 4. oktober 2014. (he)
  4. John Thavis (14. mai 2009). «Pope nears end of Holy Land trip with visit to Nasaret». katolikkar News Service. Arkivert frå originalen 4. oktober 2009. Henta 4. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff endre