Har Nitai (hebraisk הר נתאי, Har Nitai) er eit fjell i Israel, vest for Genesaretsjøen, nord for byen Tiberias og like vest for Har Arbel. Har Nitai er kalla opp etter Nittai av Arbela. Klippene i både Nitai og Arbel er synlege når ein ser sørvestover frå Capernaum ved breidda av Genesaretsjøen.

Har Nitai
fjell
Mount-Nitai-187.jpg
Har Nitai sett frå Har Arbel
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°49′32.22″N 35°29′12.04″E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mount Nittai

Ein dal med ei elv skil fjellet Har Nitai frå Har Arbel. Det ligg ein lund og ruinar av ein gammal busetnad på toppen av Har Nitai. RUinane er ikkje grave ut og identiteten til staden er ukjend. Aust på staden ligg ruinane av ein gammal mur, kring 80 meter aust for muren er eit stup.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra