Tiberias (hebraisk טְבֶרְיָה, Tveria, Tiveria; arabisk طبرية, Ṭabariyyah; gresk Τιβεριάς, Tiberiás) er ein by på vestsida av Genesaretsjøen i Nedre Galilea i Israel. Han vart grunnlagd i år 20 evt. og kalla opp etter keisar Tiberius.[2]

Tiberias
טְבֶרְיָה, طبرية, Tveria
by
Våpenskjold
Namneopphav: Tiberiusbyen
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°47′47.76″N 35°32′8.58″E / 32.7966000°N 35.5357167°E / 32.7966000; 35.5357167
Areal 10,87 km²
Folketal 41 741  (2012)[1]
Folketettleik 3 840 / km²
Grunnlagd ca. 20 evt.
 - Bystatus 1948
Borgarmeister Yosef Ben David
Kart
Tiberias
32°47′23″N 35°31′29″E / 32.789722222222°N 35.524722222222°E / 32.789722222222; 35.524722222222
Wikimedia Commons: Tiberias
Nettstad: www.tiberias.muni.il

Tiberias vart æra i jødedom frå midten av 100-talet evt.[3] og sidan 1500-talet har han vorte rekna som ein av dei fire heilage byane i jødedomen, i lag med Jerusalem, Hebron og Safed.[4] På 100- til 900-talet var Tiberias den største jødiske byen i Galilea og det politiske og religiøse knutepunktet for jødar i Palestina. Han har vore kjend for varmekjeldene, som skal vere bra for hudsjukdommar og andre sjukdommar, i tusenvis av år.[5]

I følgje Statistisk sentralbyrå i Israel (CBS), hadde byen i desember 2011, 41 700 innbyggjarar.

Historie endre

 
Det skeive tårnet i Tiberias

Romartida endre

Tiberias vart grunnlagd kring 20 evt. i Det herodiske tetrarkiet i Galilea og Perea av den romerske vasallkongen Herodes Antipas, son av Herodes den store. Herodes Antipas gjorde han til hovudstad i Galilea og kalla han opp etter den romerske keisaren Tiberius.[6] Byen var bygd som ein kurstad og voks fram kring 17 naturlege mineralkjelder. Han var hovudsakleg busett av jødar.[5] I følgje jødisk munnleg tradisjon, er Tiberias bygd på staden til den israelittiske og seinare jødiske landsbyen Rakkat, som først er nemnd i Josva.[6][7] I Talmud-tida kalla jødane han framleis for Rakkat.[8] Den romersk-jødiske historikaren Josefus kalla landsbyen med varmekjeldende Emmaus, som låg nær Tiberias.[2] Dette namnet finst òg i Jødekrigane.[9]

I tida til Herodes Antipas, nekta somme av dei mest religiøse jødane å slå seg ned der, fordi ein gravplass i nærleiken gjorde staden rituelt urein for prestekasten. Antipas flytta inn mange ikkje-jødar der frå landsbygda i Galilea og andre delar av riket sitt, for å folkesetje den nye hovudstaden sin, og bygde eit palass på akropolisen i byen.[10] Tiberias fekk så høg prestisje at Genesaretsjøen etter kort tid vart kalla Tiberiassjøen, men jødane valde å framleis bruke det tradisjonelle namnet.[10] Byen vart styrt av eit byråd på 600 med ein komite på 10 fram til 44 evt., då ein romersk Procurator vart sett til å styre byen etter Herodes Agrippa I døydde.[10]

Under Romarriket vart byen kjend under det greske namnetΤιβεριάς (Tiberiás), ei tilpassing av den semittiske forma. I 61 evt. annekterte Herod Agrippa II byen til kongedømet sitt, der Caesarea Phillippi var hovudstad.[11] Under den første jødisk-romerske krigen tok Josefus Flavius kontroll over byen og øydela palasset til Herodes, men klarte å stoppe byen frå å bli plyndra av den jødiske armeen sin (som støtta Roma).[10][12] Medan dei fleste andre byane i provinsane Iudaea, Galilea og Iudemea vart rasert, vart Tiberias spart fordi innbyggjarane var lojale mot Roma, etter Josefus Flavius hadde overgjeve byen til den romerske keisaren Vespasian.[10][13] Han vart ein blanda by etter Jerusalem falt i 70 evt., og med Judea underlagt, flytta den sørlege jødiske folkesetnaden til Galilea.[14][15]

 
Den romerske porten
 
Restar av ein krossfararport.

Etter den store utvisinga av alle jødar frå Jerusalem etter 135 evt., vart Tiberias og nabobyen Sepphoris eit stort jødisk kultursenter.

I 145 evt. vart «byen reinsa for rituell ureinleik» av rabbi Shimon bar Yochai,[11] slik at leiarane av folket kunne busetje seg der, frå provinsen Judea, der dei vart haldne fangar. Sanhedrin, den jødiske domstolen, flykta òg frå Jerusalem under det store jødiske opprøret mot Romarriket, og etter å ha leita etter eit område med stabilitet, slo dei seg til slutt ned i Tiberias kring 150 evt.[10][15] Han var den siste møtestaden før det vart oppløyst tidleg i bysantinsk tid. Frå tida då Yochanan bar Nafcha (d. 279) slo seg ned i Tiberias, vart byen eit senter for jødisk lære i landet. Mishnah i lag med Jerusalem Talmud, vart truleg kompilert i Tiberias av rabbi Judah haNasi kring 200 evt.[15] Dei 13 synagogene tente det andelege behovet til den veksande jødiske folkesetnaden.[10]

Bysantinsk styre endre

På 500-talet var Tiberias framleis eit senter for jødisk lære. I lys av dette skreiv biskopen Simeon frå Beth Arsham til dei kristne i Palestina og bønfall dei om å ta dei jødiske leiarane i Tiberias, sette dei på strekkbenken, og tvinge dei til å kommandere den jødiske kongen Dhu Nuwas om å stoppe å forfølgje dei kristne i Najran.[16]

I 614 var Tiberias åstad for det siste det jødiske opprøret mot Austromarriket, og delar av den jødiske folkesetnaden støtta dei persiske fiendane. Det jødiske opprøret vart betalt av Benjamin av Tiberias, som var særs rik. I følgje kristne kjelder vart kristne massakrerte og kyrkjer øydelagde under opprøret. I 628 kom den bysantinske armeen attende til Tiberias då dei jødiske opprørarane gav seg og den persiske okkupasjonen enda, etter dei vart slått i slaget ved Nineveh. Eit år seinare, inspirert av radikale, kristne munkar, sette keisar Heraklios i gang ein omfattande massakre av jødane, som i praksis tømde Galilea for jødar, medan dei overlevande flykta til Egypt.[treng kjelde]

Arabisk styre endre

Tiberias, eller Tabariyyah på arabisk, vart erobra av Shurahbil i «år 13» (634) ved at byen kapitulerte. Halvparten av husa og kyrkjene skulle gå til muslimane, den andre halvparten til dei kristne.[17] Frå 636 var Tiberias regionssenter, fram til Bet Shean overtok den rolla, etter erobringa til Rashidun. Kalifatet let 70 jødiske familiar frå Tiberias danne kjernen i eit nytt jødisk samfunn i Jerusalem og Tiberias vart mindre viktig for jødane.[11] Kalifane frå omajadane bygde eit av dei firkanta palassa ved breidda av innsjøen, nord for Tiberias, ved Khirbat al-Minya. Tiberias fekk nytt liv i 749, etter at Bet Shean vart øydelagdi eit jordskjelv.[11] Ein imponerande moské, 90 meter lang og 78 meter brei, som liknar på Den store moskeen i Damaskus, vart reist ved foten av Berenike, ved sidan av ei bysantinsk kyrkje, sør i byen. 700-talet vart gullalderen for Tiberias, som då var multikulturell og kanskje den mest tolerante byen i Midtausten.[18] Jødiske lærte treivst frå byrjinga av 700-talet til slutten av 900-talet, då den munnlege traidsjonen av gammal hebraisk, som framleis er i bruk i dag, vart kodifisert.

 
Ruinar av eit romersk teater.
 
Hamat Tiberias synagogegolv.

Den arabiske geografen al-Muqaddasi skreiv i 985 at Tiberias var ein hedonistisk by påverka av varme. «I to månader dansar dei, i to månader sluker dei i seg mat, i to månader smekker dei, i to månader går dei nakne, i to månader spelar dei fløyte og i to månader velter dei seg i gjørma.»[18] Som «hovudstaden i Jordan provins, og ein by i ein dal i Kanaan, er byen smal, varm om sommaren og usunn. Det er åtte naturlege varmebad her, der ein ikkje treng brensel, og mange mange basseng med kokande vatn. Moskéen er stor og fin, og står på marknadsplassen. Golvet er lagt i småstein, sett på steinfat, plassert tett inntil kvarandre.» I følgje Muqaddesi kom dei som leid av skabb eller magesår, og andre slike sjukdomar, til Tiberias for å bade i varmekjeldene i tre dagar. «Etterpå dupper dei seg i ei anna kjelde, som er kald, og så er dei blitt friske.»[19]

I 1033 vart Tiberias øydelagd av eit jordskjelv.[11] Eit nytt jordskjelv i 1066 velta den store moskeen.[20]

Nasir-i Khusrou vitja Tiberias i 1047, og skreiv at byen hadde ein «kraftig mur», som byrjar ved innsjøen og går heilt rundt byen, utanom på vassida.[21]

Krossfarartida endre

 
Restaurert historisk bygning i Tiberias.

Under det femte krosstoget vart Tiberias okkupert av frankarane som kort tid etter erobra Jerusalem. Byen vart gjeven i len til Tancred, som gjorde han til hovudstad i fyrstedømet Galilea i kongedømet Jerusalem. Regionen vart stundom kalla fyrstedømet Tiberias, eller Tiberiad.[22] I 1099 vart staden der byen opphavleg låg fråflytta, og busetnaden flytta seg nordover til dagens plassering.[11] St. Peterskyrkja, som først vart bygd av krossfararane, står framleis i dag, sjølv om bygningen er blitt endra og ombygd i løpet av åra.

På byrjinga av 1100-talet talde det jødiske samfunnet i Tiberias kring 50 familiar, og på den tida vart dei beste manuskripta av Toraen sagt å vere her.[16] På 1100-talet fekk byen negative undertonar i islamsk tradisjon. Ein hadith skriven ned av Ibn Asakir frå Damaskus (d. 1176) omtalar Tiberias som ein av «fire byar frå helvete»[23] Dette kan ha kome av at byen på den tida hadde ein større, ikkje-muslimsk folkesetnad.[24]

I 1187 gav Saladin odre til sonen sin al-Afdal om sende eit sendebod til grev Raymond av Tripoli for å be om trygg ferdsel gjennom lenet hans i Galilea og Tiberias. Raymond var forplikta til å etterkome ønsket etter avtalen han hadde med Saladin. Styrkane til Saladin forlet Caesarea Philippi for å kjempe mot Tempelriddarane. Tempelriddarane vart slått i dette møtet. Saladin kringsette Tiberias og byen falt etter seks dagar. Den 4. juli 1187 slo Saladin krossfararane som kom for å hjelpe Tiberias i slaget ved Hattin, 10 km utafor byen.[25] Under det tredje krosstoget, dreiv krossfararane muslimane ut av byen og okkuperte han på ny.

Rabbi Moshe ben Maimon, (Maimonides) òg kalla Rambam, ein leiande jødisk rettsvitskapsmann, filosof og lækjar i perioden, døydde i 1204 i Egypt og vart seinare gravlagd i Tiberias. Grava hans er ein av dei viktige pilegrimsstadane i byen.

 
Grava til Rambam i Tiberias.

Yakut skreiv i 1220-åra om Tiberias som ein liten by, lang og smal. Han skildra òg dei varme, salte kjeldene, som det er bygd bad over.

I 1265 vart krossfararane drivne ut av byen av mamlukkane, som styrte Tiberias fram til den osmanske erobringa i the Ottoman conquest in 1516.[11]

Osmansk tid endre

 
Tiberias hamn

Etter kvart som Det osmanske riket vart utvida sørover langs kysten av Middelhavet under sultan Selim I, flykta mange av jødane i frykt frå katolske inkvisisjonar, og dei slo seg først ned i Konstantinopel, Salonika, Sarajevo, Sofia og Anatolia. Sultan oppfordra dei til å dra til Palestina.[11][26][27] Doña Gracia frå Portugal, samla inn skatterettar i Tiberias og dei kringliggande landsbyane for Suleiman den store. Ho såg for seg at byen kunne bli ein tilfluktsstad for jødar og fekk løyve til å opprette eit jødisk sjølvstyre der.[28] I 1561 oppfordra nevøen hennar, Joseph Nasi, herre av Tiberias,[29] jødar til å busetje seg i Tiberias.[30] Han og Joseph ben Adruth bygde bymurar og la grunnarbaidet for ein tekstilindustri (slike), planta morbærtre og fekk handverkarar til å flytte dit.[30] Det vart gjort planar om at jødar skulle flytte frå Kyrkjestaten, men då osmanarane og Republikken Venezia gjekk til krig, vart planane skrinlagde.[30] Ingen kristne eller jødar vart nemnde i osmanske lister i 1525, 1533, 1548, 1553 og 1572.[31]

I 1624 anerkjende sultanen Fakhr-al-Din II som herre over Arabistan (frå Aleppo til grensene til Egypt),[32] og drusarleiaren gjorde Tiberias til hovudstaden sin.[11] øydelegginga av Tiberias i 1660 av drusarane førte til at det jødiske samfunnet i byen forsvann der frå.[33][34] I motsetnad til Tiberias, kom den nærliggande byen Safed seg frå øydelegginga i 1660,[35] og vart ikkje heilt fråflytta,[36] og vart verande eit viktig jødisk senter i Galilea.

I 1720-åra bygde beduinherskaren Dhaher al-Omar, festningsverk i byen og signerte ein avtale med beduinstammer i nærleiken for å hindre plyndring.[37] I 1740 var Tiberias sjølvstyrt under Dhaher, og han gav jødiske familiar løyve til å busetje seg i Tiberias.[38] Han inviterte Chaim Abulafia frå Smyrna til å byggje opp att det jødiske samfunnet.[39] Synagoga han bygde står framleis.[40][41]

Etter instruksjonar frå styresmaktene, kringsette Suleyman Pasha frå Damaskus Tiberias i 1742 for å fjerne Dhaher. Omleiringa mislukkast. Året etter prøvde Suleyman seg på ny med ein større styrke, men han døydde langs vegen.[42]

 
Utsyn over Tiberas i 1862

I 1775 førte Ahmed el-Jazzar «Slaktaren», fred til regionen med jarnhand.[11] I 1780 slo mange polske jødar seg ned i byen.[39]

Seks hundre menneske, mellom anna nesten 500 jødar,[39] døydde då byen vart råka av jordskjelvet i Galilea i 1837.[11] Ein amerikansk ekspedisjon fann Tiberias framleis i ruinar i 1847/1848.[43]

I 1842 hadde byen kring 4 000 innbyggjarar, kring ein tredjedel jødar, medan resten av tyrkarar og nokre få kristne.[44] I 1850 hadde Tiberias tre synagoger.

I 1912 hadde folketalet auka til 6 500. Dette omfatta 4 500 jødar, 1 600 muslimar og resten kristne.[45]

 
Tiberias, 1920-åra

Det britiske mandatet endre

I starten var tilhøvet mellom arabarar og jødar i Tiberias bra, med berre nokre få hendingar under Nebi Musa-opprøra og uroa i Palestina i 1929.[11] Det første moderne badet vart bygd i 1929.[5]

Landskapet kring den moderne byen vart forma av ein svær flaum den 11. november 1934. Avskoging i fjellsidene oppom byen, kombinert med at byen vart bygd i ei rekkje tettpakka hus og bygningar, som vanlegvis delte murar, gjorde at det gjørmefylte flaumvatnet frakta med seg store steinar inn i gatene og fylte dei med vatn så raskt at mange ikkje fekk tid til å kome seg bort. Tap av liv og verdiar var store. Byen vart bygd opp at i fjellsida og det britiske styret planta skotsk skog i fjellsida for å betre halde på jordsmonnet og hindre likande katastrofar frå å skje igjen.[46][47]

I oktober 1938 myrda arabiske militante 20 jødar i Tiberias under arabararopprøret i Palestina 1936–39 .[48]

 
Hamei Tveriya hot springs and spa

Mellom 8. og 9. april 1948 braut det ut sporadisk skyting mellom jødar og arabarar i bydelar i Tiberias. Den 10. april sette Haganah i gang eit bombeåtakt som tok livet av fleire arabiske innbyggjarar.[49] 10.-17. april angreip Haganah byen og nekta å forhandle våpenkvile, medan britne nekta å blande seg inn.[49] Nyankomne arabiske flyktningar frå Nasir ad-Din fortalte dei sivile at det hadde vore drap, og denne meldinga førte til panikk blant innbyggjarane i Tiberias.[49] Den arabiske folkesetnaden (6 000 innbyggjarar eller 47,5 %) vart evakuerte, verna av det britiske militæret den 18. april 1948.[49][50] Omfattande plyndring av arabiske område av den jødiske folkesetnaden måtte stoppast med makt av Haganah og jødisk politi, som tok drap og skadde fleire plyndrarar.[49]

Moderne Israel endre

Byen Tiberias har vore nesten utelukkande jødisk sidan 1948. Mange sefardiske og mizrahiske jødar slo seg ned i byen, etter å ha blitt drive ut frå arabiske land seint i 1940-åra, og tidleg i 1950-åra. Styresmaktene bygde hus for å ta i mot den nye folkesetnaden, som dei gjorde i mange utviklingsbyar. Byen vart etter kvart eit turistsenter med mange kristne og jødiske pilegrimar.

Geografi og klima endre

 
Ganim kommunale strand i Tiberias
Tiberias
Klimadiagram (forklaring)
JFMAMJJASOND
 
 
90
 
18
10
 
 
73
 
19
9
 
 
57
 
23
11
 
 
20
 
28
14
 
 
4
 
33
18
 
 
0
 
36
20
 
 
0
 
38
23
 
 
0
 
38
23
 
 
0.6
 
36
22
 
 
14
 
32
19
 
 
50
 
26
15
 
 
81
 
20
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt

Tiberias ligg ved breidda av Genesaretsjøen, i ei høgd mellom 200 meter under til 200 meter over havnivå. Tiberias har eit klima som grensar til varmt middelhavsklima og halvtørt klima med ein årsmiddelnedbør på kring 400 mm. Somrane er i Tiberias er særs varme med ein gjennomsnittleg maksimumstemperatur på 36 °C og ein minimumstemperatur på 21 °C i juli og august. Vintrane er milde med temperaturar frå 18 °C til 8 °C. Ekstreme temperaturar er registrert frå 0 °C til 46 °C.

Jordskjelv endre

Tiberias har fleire gonger blitt råka av øydeleggjande jordskjelv. Kjende jordskjeelv har skjedd i 30, 33, 115, 306, 363, 419, 447, 631-32 (etterskjelv varte i ein månad), 1033, 1182, 1202, 1546, 1759, 1837, 1927 og 1943.[51]

Byen ligg over Daudehavsforkastinga og er ein av byane i Israel som har høgast risiko for jordskjelv (i lag med Safed, Beit She'an, Kiryat Shmona og Eilat).[52]

Idrett endre

Hapoel Tiberias spelte i eliteserien i fotball i fleire sesongar i 1960- og 1980-åra, men rykka etter kvart ned og vart lagt ned på grunn av økonomiske problem. Ein ny klubb, Ironi Tiberias vart grunnlagd, og spelar i dag i Liga Alef.

Tiberias maraton er eit årleg løp langs Genesaretsjøen i Israel. Med ei høgd på 200 meter under havnivå, er løpet det lågastliggande i verda.

Venskapsbyar endre

Tiberias er venskapsby med:

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Josefus, Antiquities of the Jews XVIII.2.3
  3. The Sunday at home. Religious Tract Society. 1861. s. 805. Henta 17. oktober 2014. 
  4. Jewish Encyclopedia: Tiberias
  5. 5,0 5,1 5,2 Health and Wellness Turisme: Spas and Hot Springs, Patricia Erfurt-Cooper and Malcom Cooper
  6. 6,0 6,1 Jewish Encyclopedia
  7. Josva 19:35
  8. Babylonian Talmud, Tractate Megillah 5b
  9. Josefus, Flavius, The Jewish Wars, translated by William Whiston, Book 4, chapter 1, para 3
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 Mercer Dictionary of the Bible Edited by Watson E. Mills, Roger Aubrey Bullard, Mercer University Press, (1998) ISBN 0-86554-373-9 p 917
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 Winter, Dave (1999) Israel Handbook: With the Palestinian Authority Areas Footprint Travel Guides, ISBN 1-900949-48-2, s. 660-661
  12. Crossan, John Dominic (1999) Birth of Christianity: Discovering What Happened in the Years Immediately After the Execution of Christ Continuum International Publishing Group, ISBN 0-567-08668-2 p 232
  13. The Land and the Book: Or, Biblical Illustrations Drawn from the Manners and Customs, the Scenes and Scenery, of the Holy Land By William McClure Thomson Published by Harper & brothers, (1860) p 72
  14. Safrai Zeev (1994) The Economy in Roman Palestine Routledge, ISBN 0-415-10243-X p 199
  15. 15,0 15,1 15,2 Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 By Edward Robinson, Eli Smith Published by Crocker & Brewster, 1841 p 269
  16. 16,0 16,1 Jewish Encyclopedia: Tiberias
  17. Le Strange, Guy: Palestine under the Moslems. London, 1890. s. 340
  18. 18,0 18,1 Nir Hasson, 'In excavation of ancient mosque, volunteers dig up Israeli city's Golden Age,' at Haaretz, 17. august 2012.
  19. Muk. s.161 og 185, sitert i Le Strange, Guy: Palestine under the Moslems. London, 1890, s. 334-7
  20. Nir Hasson, 'In excavation of ancient mosque, volunteers dig up Israeli city's Golden Age,' at Haaretz, 17. august 2012.
  21. Le Strange, Guy: Palestine under the Moslems. London, 1890. s. 336-7
  22. Richard, Jean (1999) The Crusades c. 1071-c 1291, Cambridge University Press, ISBN 0-521-62369-3 p 71
  23. Angeliki E. Laiou; Roy P. Mottahedeh (2001). The Crusades from the perspective of Byzantium and the Muslim world. Dumbarton Oaks. s. 63. ISBN 978-0-88402-277-0. Henta 17. oktober 2014. 
  24. Moshe Gil (1997). A history of Palestine, 634-1099. Cambridge University Press. s. 175; ft. 49. ISBN 978-0-521-59984-9. Henta 17. oktober 2014. 
  25. Wilson, John Francis. (2004) Caesarea Philippi: Banias, the Lost City of Pan I.B.Tauris, ISBN 1-85043-440-9 p 148
  26. Toby Green (2007) Inquisition; The Reign of Fear Macmillan Press ISBN 978-1-4050-8873-2 s. xv-xix
  27. Alfassa.com Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine. sefardiskc Contributions to the Development of the State of Israel, Shelomo Alfassá
  28. Schaick, Tzvi. Who is Dona Gracia? Arkivert 2011-05-10 ved Wayback Machine., The House of Dona Gracia Museum.
  29. Naomi E. Pasachoff, Robert J. Littman, A Concise Historie of the Jewish People, Lanham, Rowman & Littlefield, 2005, s.163
  30. 30,0 30,1 30,2 Benjamin Lee Gordon, New Judea: Jewish Life in Modern Palestina and Egypt, Manchester, New Hampshire, Ayer Publishing, 1977, s.209
  31. Lewis, Bernard (1954), Studies i Ottoman archives--I, Bulletin of the School of Oriental and Afrikan Studies, University of London, Vol. 16, s. 469-501.
  32. The Druze of the Levanten
  33. Joel Rappel, Historie of Eretz Israel from Prehistory up to 1882 (1980), Vol.2, s.531.
  34. Barnay, Y. The Jews in Palestins in the 18th Century: under the patronage of the Istanbul Committee of Officials for Palestine (University of Alabama Press 1992) ISBN 978-0-8173-0572-7 s. 149
  35. Sidney Mendelssohn. The Jews of Asia: especially in the sixteenth and seventeenth century. (1920) s.241.
  36. Gershom Gerhard Scholem (1976-01-01). Sabbatai Sevi: The Mystical Messiah, 1626-1676. Princeton University Press. s. 368. ISBN 978-0-691-01809-6.
  37. Richard Pococke: A General Collection of the Best and Most Interesting Voyages and Travels in All Parts of the World: Many of which are Now First Translated Into English ; Digested on a New Plan By John Pinkerton by Longman, Hurst, Rees, and Orme, 1811 A Description of the East and Some other Countries, s. 460
  38. Moammar, Tawfiq (1990), Zahir Al Omar, Al Hakim Printing Press, Nasaret, s. 70
  39. 39,0 39,1 39,2 Joseph Schwarz. Descriptive Geography and Brief Historical Sketch of Palestine, 1850
  40. The Jews in Palestine in the 18th Century: under the patronage of the Istanbul Committee of Officials for Palestina, Y. Barnay, translated by Naomi Goldblum, University of Alabama Press, 1992, s. 15, 16
  41. The Jews: their history, culture, and religion, Louis Finkelstein, Edition: 3 Harper, New York, 1960, s. 659
  42. Amnon Cohen (1975). Palestina i 18th Century. Magnes Press. s. 34–36. ISBN 1-59045-955-5. 
  43. Narrative of the USA' Expedition to the Jordan River and the Dead Sea av William Francis Lynch, Lee and Blanchard, (1850) s. 154
  44. The Penny cyclopædia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge: v. 1-27, Volume 23, C. Knight, 1842.
  45. Catholic Encyclopedia: Tiberias
  46. Mandated landscape: British imperial rule in Palestine, 1929-1948, Roza El-Eini, Routledge, 2006p. 250
  47. The Changing Land: Between the Jordan and the Sea: Aerial Photographs from 1917 to the Present, Benjamin Z. Kedar, Wayne State University Press, 2000, s. 198
  48. «Dei sameinte nasjonane Information System on the Question of Palestina» (.JPG). United Nations Information System on the Question of Palestine. Henta 17. oktober 2014. 
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 49,4 Benny Morris (2004) p183-185
  50. Harry Levin, 'Jerusalem Embattled - A diary of a city under siege.' Cassel, 1997. ISBN 0-304-33765-X. S. 81: (19. april).
  51. A crack im the Earth: a journey up Israel's Rift Valley By Haim Watzman, Macmillan, 2007, s. 161
  52. Experts Warn: Major Earthquake Could Hit Israel Any Time av Rachel Avraham, staff writer for United With Israel Date: Oct 22, 2013
  53. Choose your family Arkivert 2008-04-13 ved Wayback Machine., Haaretz

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Tiberias frå Wikivoyage