Harald Aabrekk

norsk trenar og fotballspelar

Harald Aabrekk (fødd 22. februar 1956) er ein tidlegare norsk fotballspelar og no fotballtrenar som no er trenar for Sogndal (2010). Han var spelarutviklar i Vålerenga, og gjekk inn som fungerande hovudtrenar då Petter Myhre trekte seg frå stillinga 27. juli 2007. Denne jobben hadde Aabrekk ut sesongen, men i starten av november 2007 vart kontrakten hans avslutta, for å gje plass til Martin Andresen og hans nye trenarteam. Harald Aabrekk har vore spelarutviklar og assisterande trenar for det norske seniorlandslaget, og trenar for U-landslaget.

Harald Aabrekk

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. februar 1956 (68 år)
Eid
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Harald Aabrekk på Commons
Harald Aabrekk frå tida i Vålerenga
Foto: Kjetil Ree

Som spelar kom Aabrekk til Sogndal før 1974-sesongen. Med sin noko utradisjonelle stil var han på mange måtar ei utfordring for trenar Arnor Svedal, men eidaren hadde mange kvalitetar å by på. Etter gjesteopptreden i S.K. Brann, kom han «heim» til Sogndal og var sterkt delaktig i opprykket til eliteserien i 1981. Den elegante midtbanespelaren opptredde 234 gonger i SIL-drakta og scora 73 mål før han la opp. Historisk vart han då ha laga Sogndal sitt første mål i eliteserien i 1-1 kampen mot Molde våren 1982.

Karriere som spelar endre

(Sist oppdatert 25. januar 2006)

Klubb Kampar Mål Periode
Eid ???? ???? ????-1974
Sogndal IL 234 73 1973-1982, 1990