Harald Samuelsberg

norsk politikar

Harald Nicolai Samuelsberg (6. november 191123. april 1986) var ein norsk byråkrat og politikar frå Loppa i Finnmark. Han representerte Finnmark fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1958-69.

Harald Samuelsberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1911
Død

23. april 1986 (74 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Samuelsberg var son til ein gardbrukar. Etter ein vinter på folkehøgskule (ungdomsskule), arbeidde han frå 1928 som både fiskar, vegarbeidar, lærarvikar og fabrikkarbeidar. I tida 1936-41 var han tilsett i Fiskerioppsynet i Finnmark under vinter- og vårtorskefisket, og elles lensmannsbetjent i Lebesby frå 1939 til -40. Samuelsberg fekk i 1941 styrarjobben ved Feitsildfiskernes salgslag sitt kontor i Øksfjord, ei stilling han hadde til 1964. Frå 1948 til -65 dreiv han farsgarden i Øksfjordbotn

Samuelsberg var medlem av kommunestyret i Loppa periodane 1937–40 og 1947–67, ordførar 1960-61 og varaordførar 1962-63. Frå 1957 til -67 var han formann i Finnmark fylkes skulestyre, og i tida 1964-80 var han formann i Norsk sameråd.

Hausten 1957 vart Samuelsberg vald til å representere Finnmark på Stortinget. I tre etterfølgjande fireårsbolkar hadde han sete på Tinget og var medlem i Militærkomiteen fram til 5. mai 1960, då han vart flytta over i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Etter meir enn fem sesjonar i den komiteen, sat han dei fire siste sesjonane, 1965-69, i Sosialkomiteen.

Etter han forlet Stortinget i 1969 var Samuelsberg kontorsjef i Hasvik kommune frå 1970 til -74.

Kjelder endre