Loppa
Lokalt namn: Láhppi
Geografi
Norway - Loppa.png
Stad Lopphavet
Koordinatar 70°21′08″N 21°25′34″EKoordinatar: 70°21′08″N 21°25′34″E

Areal 12 km²

Høgaste punkt Rektind (289 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms og Finnmark

Loppa (nordsamisk Láhppi) er ei øy i Loppa kommune, vest i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke, på 70. breiddegrad nord. Øya ligg i vest i kommunen, ved Lopphavet, vest for øya Silda. Loppa har eit areal på 12 km², og det høgaste punktet på øya er Rektind på 289 moh.

Øya Loppa var tidlegare senter i kommunen og eit viktig fiskevær. Sør på øya ligg Loppa kyrkje frå 1953. I dag er det berre nokre få fastbuande att på øya.

På øya finst eit sjøfuglreservat som vart oppretta i 1983.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.