Harald Slettebø

norsk politikar

Harald Bjarne Slettebø (1. april 192227. mai 2018) var ein norsk skulemann frå Eigersund, stortingsrepresentant 1973-77 for Anders Langes Parti.

Harald Slettebø
Fødd 1. april 1922
Egersund
Død

27. mai 2018 (96 år)
Stord

Yrke politikar, rektor

Slettebø tok artium ved Rogaland landsgymnas i 1941 og cand.real.-eksamen ved Universitetet i Oslo i 1946. Etter eitt skuleår som lektor ved St. Svithuns skole i Stavanger, arbeidde han 1947-59 som lektor ved den kommunale høgre allmenskulen i Haugesund. Frå 1959 til 1989 var han rektor ved Stord gymnas.

Slettebø melde seg inn inn i Anders Langes Parti straks etter partiet vart stifta våren 1973. Ved storingsvalet 1973 vart han vald inn på Storinger frå Hordaland fylke. Perioden 1973-77 var han medlem av Justiskomitéen, og 1976–77-sesjonen var han parlamentarisk leiar for Anders Langes Parti, som i 1977 endra namn til Framstegspartiet. Slettebø var seinare medlem i Stord kommunestyre 1980–83 og i Hordaland fylkesting og fylkesutval 1984–87.

KjelderEndra