Bryne vidaregåande skule

Bryne vidaregåande skule er ein offentleg vidaregåande skuleBryne i Time kommune.

Bryne vidaregåande skule
Org.nummer913385632
KommuneTime
Nettstadhttp://www.bryne.vgs.no/
Kart
Bryne vidaregåande skule
58°44′00″N 5°38′38″E / 58.73323611°N 5.64391°E / 58.73323611; 5.64391

Historikk endre

Rogaland Landsgymnas vart etablert 1. september 1924 med 22 elevar og to lærarar. Landsgymnaset starta opp i det nye folkeskulebygget som Time kommune hadde reist i åra 1922-23.

Hausten 1946 flytta gymnaset inn i nybygget som var ferdigstilt under krigen. I 1947 vart Rogaland Landsgymnas teke over av det staten og endra namn til Rogaland offentlege Landsgymnas.

Elevtalet auka og skuleåret 1962/63 var det 830 elevar. I 1960 hadde elevane teke i bruk ei ny klasseromsfløy, og to år seinare vart det reist ei vinkelfløy. I 1964 stod ein idrettshall ferdig.

I 1960 hadde gymnaset gått i gang med tre nye liner: latinline, som det hadde vore ved skulen før 1945, naturfagline og økonomisk line. Desse linene kom i tillegg til real- og engelsklina. Nokre tider var det òg liner for gresk og norrønt ved skulen.

I 1965 vart skulen teke over av Rogaland fylke og han fekk sitt tredje namn, Bryne Gymnas. I 1975 vart namnet endra til Bryne vidaregåande skole, og i 1994 til Bryne vidaregåande skule.

I 2015 slo skulen seg saman med yrkesskulen Time vidaregåande skule og etablerte seg i nye bygg ved Hetlandsgata på Bryne. Den nye skulen har rundt 1500 elevar og er den største i Rogaland. Han er lokalisert i same kvartalet som Garborgsenteret og Forum Jæren.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre