Harald Torsvik
Harald Torsvik (fødd 3. oktober 1904 i Kristiansand, død 26. november 1941 på Akershus festning) var ein norsk jurist og motstandsmann. Etter okkupasjonen av Noreg deltok han i organiseringa av Heimefronten i Ålesund. Torsvik leidde ei avdeling som hadde til oppgåve å sende folk over til England, og opprette ei fast rute dit. Denne avdelinga vart kjent som Torsvik-gruppa. 26. mai 1941 vart han arrestert, og hamna først på Grini før han etter eit opphald i Åkebergveien fengsel vart send til Akershus festning. Saman med politibetjent og medlem av Torsvik-gruppa Karl Eriksen vart han dømd til døden 9. november 1941 for spionasje og arbeid for fienden og skoten 26. november same året. Lika etter dei to vart aldri funne.
Harald Torsvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. oktober 1904 |
Død |
26. november 1941 (37 år) |
På 1950-talet vart Harald Torsviks plass i Ålesund oppkalla etter han.[1]
Kjelder
endre- Torsvik, Harald (1951). I Våre falne. 4 (s. 414). Oslo: Grøndahl.
Fotnotar
endre- ↑ Skrede, L. I. (2019). «Hvem var Harald Torsvik?». Sunnmørsposten (113): s. 6-7.