Harduf (hebraisk הַרְדּוּף, tyder Oleander) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 431.

Harduf
הרדוף
kibbutz
Namneopphav: Oleander
Land  Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Jezreeldalen
Koordinatar 32°45′48.6″N 35°10′25.67″E
Grunnlagd 1982
 - Grunnlagd av Jesaiah Ben-Aharon
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Harduf
32°45′49″ N 35°10′26″ E
Wikimedia Commons: Harduf

Kibbutzen vart grunnlagd i 1982 av Jesaiah Ben-Aharon og andre følgjarar av Rudolf Steiner, og vart kalla opp etter oleanderplantene som veks i området. Kibbutzmedlemmane lever i høve til antroposofi-filosofi.[1] Harduf har fleire helsesenter: Beit Elisja, for rehabilitering av vaksne med spesialbehov, Tuvia-samfunnet for barn og ungdsom som er fjerna frå heimane sine og treng ein ny fosterfamilie, og Hiran, som prøver å hjelpe ungdom med kjenslemessige problem.[2]

Kjelder Endra

  1. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 151. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  2. Pinto, Goel (24. mai 2007). «Pioneers of an organic lifestyle». Haaretz. Henta 27. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff Endra