Denne artikkelen handlar om fabevelsenet. For fuglen, sjå harpyørn.

Harpy (gresk fleirtal ἅρπυια, harpūia, «snapparar», latin harpeia) var vesen i gresk og romersk mytologi forma som hybridar mellom fuglar og kvinner. Dei var vindånder med venger og hadde ei viss tilknyting til underverda.[1] Den bokstavelege tydinga av ordet synest å vera «det som snappar» sidan det kjem frå gresk harpazein (ἁρπάζειν), som tyder «å snappa» eller «å ta».[2]

Framstilling av harpyar på ein atensk frå 600-talet f.Kr.

Harpyane skal vera døtrene til Thaumas (sonen til Pontus, eller havet) og Elektra (dottera til Okeanus).[3]

Figur med venger, kanskje ein harpy, som ber med seg ein liten menneskefigur, , på gravrelieff frå den såkalla Harpy-grava frå rundt 480 f.Kr. ved Xanthos, no ved British Museum.

Soger endre

Harpyar opptrer i Odysseen som vindar som fører bort folk. Her blir det sagt at folk som plutseleg forsvinn er blitt førte bort av harpyar.[4] Dei tok med seg døtrene til kong Pandareus for å tena erinnyene.[5]

Dei er kjende frå soga om Jason og argonautane, der dei stal all maten til den fønikiske kongen Fineas frå Thrakia, og gjorde heimen hans illeluktande. I Vergil sin versjon av soga heiter hovudharpyen Celaeno ('mørk').[1]

Homer nemnar ein harpy ved namn, Podarge. Hesiod nemnar to, Aello og Okypete.[1]

Ein harpy var mor til vestavinden Zephyros, tidvis skildra som ein av hestane til Akilles.[6] I denne konteksten har Jane Ellen Harrison oppført oppfatninga i Vergil si Georgica[7] der hoppene blei gjort drektige av vinden åleine.[8]

Ifølgje Vergil held harpyane til på øyane Strofades,[9] eller ved inngangen til Orcus,[10] ein gud i underverda. Ifølgje Apollonius bur dei i ei hole på Kreta.[11]

Framstilling endre

 
Illustrasjon av ein harpy i Ulisse Aldrovandi sitt Monstrorum Historia, Bologna, 1642

Harpyar blei opphavleg førestilte og framstilte som kvinner med venger, og seinare som fæle rovfuglar med kvinnehovud. Hesiod kalla dei for «ven-håra» vesen,[12] og bilde på greske keramikkvasar har framstilt harpyane som vene kvinner med venger. Harpyar som stygge og skremmande venga fuglekvinner, som i Eumenidene av Aiskhylos (linje femti) er ei seinare utvikling, grunna ei samanblanding med sirenene. Romerske og bysantinske forfattarar skildra i utpensla detaljar kor fæle og stygge dei var.

Også i moderne tid har ein nytta harpyar i symbolsk kunst, blant anna av Edvard Munch i ei tusjteikning (og variantar i andre media) frå 1898. Hjå Munch er kvinna blitt til eit rovdyr og ein åtseleter med skarpe klør og store mørke venger.[13]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Harpy | mythology», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 4. januar 2021 
  2. «harpy, n.», OED Online (Oxford University Press), desember 2020 
  3. Howatson, M. C., red. (2011), «Harpies», The Oxford Companion to Classical Literature (Oxford University Press) 
  4. Homer, Odysseen, Bok 1.241, 14.371
  5. Homer, Odysseen, Bok 20.78
  6. Iliaden, xvi. 150.
  7. iii.274
  8. saepe sine ullis
    conjugis vento, gravidae mirabile dictu;
    notert og sitert i Harrison, Jane Ellen (1922): Prolegomena to the Study of Greek Religion, s. 178.
  9. Virgil. Æneiden, Bok 3.210
  10. Virgil. Æneiden, Bok 6.289
  11. Apollonius. Argonautica, Bok 2.298
  12. Hesiod: Theogonien, 267.
  13. Harpy Arkivert 2011-07-07 ved Wayback Machine., Munchtegneren, Munchmuseet.