Harran stasjon
Foto: Lars Røed Hansen

Harran er ei bygd i Grong kommune i Nord-Trøndelag fylke. Staden ligg i Namdalen, kring 15 km nordom tettstaden Grong.

Her ligg Harran stasjonNordlandsbanen, og Harran kyrkje.

Tidlegare kommuneEndra

Harran var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag. Området var eigen kommune i vel 40 år.

Harran kommune vart oppretta då dåverande Grong kommune vart deld i fire 1. Januar 1923 (Grong, Harran, Namsskogan og Røyrvik). Ved opprettinga hadde Harran 630 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart Harran slegen saman att med Grong. Ved samanslåinga budde det 1085 personar i kommunen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra