Nordlandsbanen er ei jernbanestrekning i NSB sitt rutenett mellom Bodø og Trondheim. Banen vart opna til Bodø den 7. juni 1962 og er ikkje elektrifisert. Strekninga er 729 km lang. Nordlandsbanen er viktigast som godsbane, men mellom Trondheim og Steinkjer (Trønderbanen), samt Bodø og Rognan er det ein heil del lokaltrafikk. Strekninga mellom Trondheim og Steinkjer er ferdig prosjektert for elektrifisering. Elektrifiseringsprosjektet vil starte i 2020.[1]

Nordlandsbanen
Di 4 på Nordlandsbanen over Saltfjellet
Info
Type Jernbane
System Enkeltspora uelektrifisert bane
Utgangsstasjon Trondheim sentralstasjon
Endestasjon Bodø
Tal på stasjonar 42
Drift
Opna 1927 - 7. juni 1962
Eigar Bane NOR
Type trafikk Passasjerar og gods
Loktypar NSB type 93, Di 4, Di 8, CD 312, ME 26
Teknisk
Lengde 729 km
Største stigning ø 19 ‰ (Røra–Mære)
maks 22 ‰ (km 337,185 ved Sefrivatnet)
Kryssingsspor 24
Bruer 313
Tunnelar 156
Planovergangar 682
Kart
Nordlandsbanen

Før 2008 vart namnet nytta på strekninger Hell–Bodø.

Stasjonar på Nordlandsbanen endre

Materiell endre

Persontrafikken på Nordlandsbanen blir kjørt med motorvogner av typene NSB type 92 (Trønderbanen) og NSB type 93, og med togsett trukke av lokomotivtype Di 4 med B5-vogner, samt to WLAB2 sovevogner på nattoga. I godstoga blir det for det meste nytta lokomotiv av type CD 312 - unntaksvis av type Di 8.

Det er tinga nye bimodale togsett som blir levert frå 2020. Dette er elektriske togsett som vil gå på diesel på strektningar som ikkje er elektrifiserte.[2]

Modernisering endre

Elektrifisering endre

Søndre del av Nordlandsbanen frå Trondheim til Steinkjer er planlagt elektrifisert saman med Meråkerbanen og Stavne–Leangenbanen. Bane Nor har utarbeidd deltaljplanar for arbeidet. Arbeidet vil starte i 2020.[3]

Dobbeltspor endre

Bane Nor har lagt fram planar om dobbeltspor mellom Trondheim og Steinkjer.[4] Det vil bli bygd ut etappevis. Det er påstarta dobbeltspor på strekninga HellVærnes som vil bli ferdig når ERTMS er innført. Som ein del dobbeltsporet er ei ny bru over Stjørdalselva som vart opna i 2016.[5]

ERTMS endre

Arbeidet med å førebu innføring av signalsystemet ERTMS har starta på Nordlandsbanen. Strekninga Grong - Bodø vil bli mellom dei første i Noreg som får ERTMS. Det er planlagt å skje i 2022.[6]

Sidebanar endre

Sidespor endre

  • Muruvik hamn
  • Verdalsøra
  • Fiborgtangen
  • Formofoss
  • Gullsmedvik
  • Ørtfjell

Referansar endre

  1. «Lover togløft i Trøndelag», Opp (på norsk bokmål), 2. september 2019, arkivert frå originalen 2. september 2019, henta 15. oktober 2019 
  2. Samferdselsdepartementet (19. desember 2018), «Raskare utskifting av gamle tog i Trøndelag», Regjeringa.no, henta 15. oktober 2019 
  3. NTB; Pedersen, Ole Petter (2. september 2019), «Lover penger for å elektrifisere Meråkerbanen innen fire år», Tu.no (på norsk), henta 15. oktober 2019 
  4. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 5. oktober 2019, henta 5. oktober 2019 
  5. «Et krevende prosjekt - Bane NOR», www.banenor.no, arkivert frå originalen 5. oktober 2019, henta 15. oktober 2019 
  6. Nasjonal signalplan 2015
  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.