Harry Danielsen

norsk politikar

Harry Danielsen (14. september 193612. mai 2011) var ein norsk skulemann og politikar frå Rødøy i Nordland. Han representerte Nordland fylke og partiet HøgreStortinget i perioden 1981-85 og ei tid i 1985/86-sesjonen.

Harry Danielsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1936
Død

12. mai 2011 (74 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Danielsen var lærar og seinare skulestyrar i Steigen kommune frå 1958 til -66 og frå 1968 til -71. Etter eit år som distriktslogoped i Alstahaug kommune arbeidde han i ymse skulestillingar i Lurøy kommune frå 1972 til -78. Perioden 1978-87 var han tilsett logoped ved Pedagogisk-psykologisk distriktssenter for Nesna-regionen. I 1987 gjekk han tilbake til skulestova på Molag skole i Lurøy, slutta i 1998.

Ved stortingsvalet 1981 hadde Høgre stor framgang over heile landet og Danielsen rykte inn på Stortinget frå fjerdeplassen på Nordland Høgre si valliste. På Tinget var han medlem i Samferdslekomiteen. Stortingsperioden 1985-89 var Danielsen 1. vararepresentant for Høgre i Nordland, og møtte fast som representant 4.10.1985-9.5.1986 i staden for statsråd Petter Thomassen. Han var då medlem i Forbrukar- og administrasjonskomitéen. Sommaren 1987 melde Danielsen seg ut av Høgre.

Kjelder endre