Opna hovudmenyen

Petter Thomassen

norsk politikar

Petter Johan Thomassen (17. april 19418. oktober 2003) var ein norsk næringsdrivar, samt stortingsrepresentant for partiet Høgre. Han representerte Nordland fylkeStortinget frå 1977 til 1997, og var industriminister i Willoch-regjeringa 1985–86 og næringsminister i Syse-regjeringa 1989–90.

Petter Thomassen
Fødd 17. april 1941

Salangen

Død 8. oktober 2003
Oslo
Parti Høgre

Liv og gjeringEndra

Thomassen var fødd i Salangen i Troms, der faren var gardbrukar. Under andre verdskrigen vart småbruket deira gjort til innkvarteringsstad for tyske soldatar, der det òg vart reist ein leir for russiske krigsfangar. Thomassen har skildra tida i boka Barneår i krig frå 1986.

Etter examen artium studerte Thomassen til siviløkonom ved Handelshøjskolen i København i tida 1960-63. Han tok arbeid i databransjen og var systemkonsulent i Oslo 1964-65 før han var disponent i NordlandsData AS i Bodø 1965-76, eit firma han bygde opp frå grunnen.

Thomassen var medlem av Bodø bystyre 1968-75, og medlem av Nordland fylkesting og fylkesutval 1972-79 (gruppeleiar 1972-77 og fylkesråd 1976-77). Frå 1976 var han i 14 år medlem av sentralstyret i Høgre, siste to åra som 2. nestleiar.

I 1977 vart Thomassen vald inn på Stortinget frå Nordland, og vart sitjande frem til 1997. Etter ein fireårsperiode i kommunal- og miljøvernkomitérn fekk han i 1981 plass i finanskomitéen, der han var formann 1983-85 og medlem 1987-89. I 1985 tok han over som industriminister i Willoch-regjeringa, ein posisjon til regjertinga gjekk av i mai 1986. Deretter var han medlem av Stortingets forbrukar- og administrasjonskomité til 1987. Thomassen var så næringsminister i Syse-regjeringa 1989–90. I 1991 gav han ut ei bok om Syse-regjeringas fall.

I si siste stortingsperiode var Thomassen medlem av kirke- og undervisningskomitéen og den fyrste leiaren i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Her arbeidde han for å markere den nye komiteen som det sentrale kontrollorganet til Stortinget.

KjelderEndra