Henry Gregg, kjend som Harry Gregg, (25. oktober 193216. februar 2020) var ein nordirsk fotballspelar frå Magherafelt. Han var ein av Manchester United-spelarane som overlevde München-ulukka i 1958. Målvakta var i 1963 med om å vinne FA-cupen.

Harry Gregg


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 27. oktober 1932
Magherafelt
Død

16. februar 2020 (87 år)
Coleraine

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1958

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, offiser av Den britiske imperieordenen

Klubbspel endre

Gregg var aktiv i Doncaster Rovers i fem år. l november 1957 vart han, mot £23 000, overført frå andredivisjonslaget til Manchester United. Her tok han omgåande over som fyrste-målvakt. Den 6. februar 1958, vel 2 månader etter overgangen frå Doncaster, overlevde Gregg ei flyulukke ved München med små skadar, ei ulukke som tok livet frå 8 av klubbkameratane hans i United. I Manchester Uniteds fyrste kamp etter ulukka var Gregg og Bill Foulkes dei to einaste frå fyrstelaget som var i stand til å delta. Same våren vakta han målet då det nye United-mannskapet tapte 0-2 mot Bolton i FA-cupfinalen. Fem år seinare stod Gregg i mål då Manchester United vann FA-cupen 1963, etter å ha slått Leicester City 3-1 i finalen. Heile 1964/65-sesongen var han skadd og gjekk dermed glipp av ligatriumfen til storlaget frå Manchester. Gregg spelte 247 kampar for Manchester United, den siste hausten 1966. I desember same året fekk han kontrakt med Stoke City, la opp våren 1967.

Landslagsspel endre

Gregg spelte 25 landskampar for Nord-Irland i tida 1954-63, dei aller fleste kampane kom over fire år frå hausten 1956. Han vakta målet til landslaget i alle fire kampane under Fotball-VM i 1958, ein meisterskap der Nord-Irland rauk ut i kvartfinalen mot Frankrike.

Kjelder endre