Fotball-VM 1958
Verdsmeisterskapen i fotball 1958 vart avvikla i Sverige i tida 8. til 29. juni 1958. Brasil vart verdsmeister etter å ha slått Sverige 5-2 i finalen. Just Fontaine skåra 13 mål i turneringa og sette ein målrekord som ingen har makta overgå. Meisterskapen vart det store gjennombrotet for Pelé.
Turneringsformatet var endra frå 1954. Framleis deltok 16 land, fordelt på fire innleiingsgrupper, men no skulle alle laga i gruppa spele mot kvarandre, utan ekstraomganger ved uavgjort resultat. Dersom to lag enda med like mange poeng, skulle det spelast omkampar for å avgjere kva lag som skulle gå vidare til kvartfinalane.
I Gruppe D vart det spelt omkamp mellom Sovjetunionen og England, og Anatolij Iljins mål i det 67. minutt sikra kvartfinaleplass for Sovjetunionen. Det måtte også spelast omkampar i gruppe A, der Nord-Irland slo Tsjekkoslovakia, og i gruppe C, Wales vann over Ungarn og gjekk vidare.
Gruppespelet
endreGruppe 1
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tyskland | 3 | 1 | 2 | 0 | 7–5 | 2 | 4 |
2 | Nord-Irland | 3 | 1 | 1 | 1 | 4–5 | −1 | 3 |
3 | Tsjekkoslovakia | 3 | 1 | 1 | 1 | 8–4 | 4 | 3 |
4 | Argentina | 3 | 1 | 0 | 2 | 5–10 | −5 | 2 |
Nord-Irland kom på andreplass i gruppa etter omkamp mot Tsjekkoslovakia
Gruppe 2
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Frankrike | 3 | 2 | 0 | 1 | 11–7 | 4 | 4 |
2 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | 3 | 1 | 2 | 0 | 7–6 | 1 | 4 |
3 | Paraguay | 3 | 1 | 1 | 1 | 9–12 | −3 | 3 |
4 | Skottland | 3 | 0 | 1 | 2 | 4–6 | −2 | 1 |
- Frankrike vann gruppa føre Jugoslavia på betre målskillnad
Gruppe 3
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sverige | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–1 | 4 | 5 |
2 | Wales | 3 | 0 | 3 | 0 | 2–2 | 0 | 3 |
3 | Ungarn | 3 | 1 | 1 | 1 | 6–3 | 3 | 3 |
4 | Mexico | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–8 | −7 | 1 |
Wales kom på andreplass i gruppa etter omkamp mot Ungarn
Gruppe 4
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Brasil | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–0 | 5 | 5 |
2 | Sovjetunionen | 3 | 1 | 1 | 1 | 4–4 | 0 | 3 |
3 | England | 3 | 0 | 3 | 0 | 4–4 | 0 | 3 |
4 | Austerrike | 3 | 0 | 1 | 2 | 2–7 | −5 | 1 |
Sovjetunionen kom på andreplass i gruppa etter omkamp mot England
Finalen
endreFinalen vart spelt på Råsunda stadion i bydelen Solna. 49 737 tilskodarar var vitne til at Sverige tok leiinga etter fire minuttar ved Nils Liedholm. Brasil kom snøgt tilbake, og Vava skåra to mål før pausa. I andre omgang var Pelé den store spelaren med to mål for Brasil, det siste i sluttsekundane, etter at Agne Simonsson hadde redustert til 2-4 i det 80. minutt. Sluttresultatet vart 5-2 til Brasil, som for fyrste gong kunne løfte Jules Rimet-pokalen.
Brasil sitt vinnarlag bestod av: Gylmar dos Santos Neves, Djalma Santos, Orlando Peçanha, Hilderaldo Bellini, Nílton Santos, Zito, Didi, Garrincha, Vavá, Pelé og Mário Zagallo.
Sveriges mannskap bestod av: Kalle Svensson, Orvar Bergmark. Sigvard Parling, Bengt Gustavsson, Sven Axbom, Reino Börjesson, Kurt Hamrin, Gunnar Gren, Agne Simonsson, Nils Liedholm (kaptein) og Lennart Skoglund.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «VM i fotball 1958» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2014.