Harry Klippenvåg
Harry Johan Olai Klippenvåg (12. mai 1913–11. november 1994) var ein norsk handelsmann og politikar fødd i Lurøy, som representerte Finnmark fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1950 til 1969.
Harry Klippenvåg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mai 1913 |
Død |
11. november 1994 (81 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Klippenvåg var son til ein bygningsmann. Femten år gammal tok han til å arbeide på sagbruk. Året etter byrja han arbeide som bod i Kirkenes samvirkelag, deretter var han handelsbetjent i samvirkelaget til 1940. Perioden 1941-47 var han styrar av Jakobsnes samvirkelag, og sidan eitt år forretningsførar i Sør-Varanger kommunale kraftforsyning.
Frå 1947 til -55 var Klippenvåg ordførar i Sør-Varanger. Etter stortingsvalet 1949 representerte han Finnmark og Arbeidarpartiet på Tinget. Den fyrste fireårsperioden var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, som sekretær i sesjonane 1952 og -53. Frå 1954 var han medlem i Kommunalkomiteen til hausten 1965. Han vart så sekretær i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, ein komite som frå hausten 1967 bar namnet Industrikomiteen.
Etter Klippenvåg gav seg på Stortinget hausten 1969, var han sekretær og konsulent i Riksrevisjonen til 1978.