Sør-Varanger kommune

kommune i Finnmark
(Omdirigert frå Sør-Varanger)

Sør-Varanger er ein kommune som ligg nordaust i Troms og Finnmark fylke. Kommunen grensar i vest til Nesseby kommune, i aust til Petsjenga i Russland og i sør til Enare i Finland.

Sør-Varanger kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Kirkenes
Areal 3 971,42 km²
 - land 3 480,41 km²
 - vatn 491,01 km²
Folketal 9 850 (1. januar 2023)
Målform bokmål
Ordførar Lena Norum Bergeng (Ap)
Kommunenr. 5444
Kart
Sør-Varanger kommune
69°43′43″ N 30°2′31″ E
Wikimedia Commons: Sør-Varanger
Nettstad: www.sor-varanger.kommune.no

Geografi Endra

Klimaet er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.

Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.

Tettstader i kommunen Endra

  • Bjørnevatn - 2 579 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Hesseng - 1 733 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Kirkenes - 3 566 innbyggjarar per 1. januar 2017

Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.

Historie Endra

Folketalsutvikling Endra

Sør-Varanger var den største kommunen i Finnmark i folketal fram til 1967, då Alta kommune vart større.

Folketalsutvikling for Sør-Varanger kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
4876 7590 7993 8921 10186 10482 10447 9693 9498 9738

Næringsliv Endra

Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet Sydvaranger AS, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.

Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.

Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.

Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes,[4] og fleire land har honorære konsular i byen.

Styresmakter Endra

Ordføraren i 2018 er Rune Rafaelsen.[5]

Kjende personar frå Sør-Varanger Endra

Venskapsbyar Endra

Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.[treng kjelde]

Sjå òg Endra

Fotnotar Endra

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Sør-Varanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. «OM SØR-VARANGER - Sør-Varanger kommune». 12. juli 2018. Henta 15. juli 2018. 
  5. «Ordfører ber Norge invitere Putin». Dagsavisen. 
  6. «Kardiolog med høy internasjonal stjerne». 
  7. «Petsjenga». Store norske leksikon. Henta 3. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff Endra