Harry Potter og Halvblodsprinsen
''Harry Potter og Halvblodsprinsen'' (originaltittel Harry Potter and the Half-Blood Prince) er den sjette og nest siste boka i J.K. Rowling sin serie om Harry Potter. Boka vart gjeven ut i England den 16. juli 2005. Den norske omsetjinga ved Torstein Bugge Høverstad vart utgjeven i november 2005.
Harry Potter and the Half-Blood Prince | |||
| |||
Forfattar(ar) | J.K. Rowling | ||
---|---|---|---|
Språk | britisk-engelsk, engelsk | ||
Sjanger | ungdomsfiksjon, fantasy, eventyrfiksjon, roman | ||
Utgjeven | 16. juli 2005, 2005 | ||
Forlag | Bloomsbury Publishing, Qanun | ||
Sider | 607 652 672 |
Handling
endreHandlinga er lagt til skuleåret 1996/1997.
Voldemort og hans tilhengarar begynner å handla openlyst, noko som fører til kaos og paranoia i Storbritannia. Rufus Grimst har tatt over som magiminister etter Kornelius Bloeuf, etter mykje kritikk av Bloeufs handtering av dei tidlege fasane av Voldemorts oppreising.Severus Slur gjer ein ubrytbar avtale med Draco Malfang si mor, Narsissa, der han seier at han vil verna Draco og hjelpa han med hans fyrste, uspesifiserte oppdrag som dødsetar.
Tryggingstiltaka er oppgraderte ved Galtvort, som følgje av at Voldemort er komen tilbake. Slur får endeleg jobben som lærar i faget forsvar mot svartekunstar, medan Albus Humlesnurr og Harry Potter oppdriver Horatsion E.F. Snilehorn for å ta over Slur sin jobb som eliksirlærar. Snilehorn låner vekk ei gamal skulebok som er merkte Tilhøyrer Halvblodsprinsen til Harry, og dei handskrivne notata i boka hjelper Harry å overgå sjølv Hermine i eliksirtimane. Snilehorn hadde mora til Harry som elev, og fortel Harry meir om henne.
Ved å bruka tanketanken sin viser Albus Humlesnurr Harry fleire minne som kastar nytt ljos over Voldemort si fortid. Humlesnurr har ein teori om at Voldemort har delt sjela si opp i sju delar, og at han lagrar seks av desse delane i malacruxar: Magiske objekt som gjer eigaren udøyeleg så lenge dei eksisterer. Medan to av Voldemort sine malacruxar allereie er øydelagde (dagboka til Tom Venster av Harry[HP2] og ringen til Dredolo Mørch av Humlesnurr), trur Humlesnurr at det er fire slike malaruxar igjen som må øydeleggjast. Han og Harry set avgarde for å finna tilbake ein av dei; (Salazar Smygard sin medaljong). Humlesnurr og Harry drar til ei hole der Humlesnurr trur medaljongen er. I hola er det ein gigantisk sjø som det ligg eit glødande beger i midten av. Då dei drar ut til begeret er det ei slags væske nedi begeret som Humlesnurr bestemt prøver å drikke. Humlesnurr gir Harry ordre om å tvinga henne i han, men då han har drukke opp væska merkar dei at han mister mykje av kreftene sine. Dei tar med seg medaljongen som er nedi begeret.
Dei to returnerer til skulen, og finn at eit mørkt merke heng over han, og at dødsetarane går til åtak på elevar og lærarar. Medan dei undersøkjer kva som har hendt, blir dei overraska av Draco Malfang. Humlesnurr paralyserer Harry, som har på seg kappa som gjer han usynleg. Harry er dermed vitne til det som skjer. Draco avslører at han har sleppt inn dødsetarane via eit magisk skap. Andre dødsetarar kjem snart til staden og oppmodar Draco til å fullføra oppdraget sitt, men han nøler. Til slutt kjem Severus Slur, og han tar livet av Humlesnurr ved hjelp av «Avada Kedavra»-formelen, og oppfyller dermed avtalen han har inngått med Narsissa Malfang. Med døden til Humlesnurr blir paralyseringa av Harry broten, og han kan røra seg igjen. Harry jagar etter Slur, som identifiserer seg sjølv som Halvblodsprinsen, før han stikk av frå Galtvort.
Minerva McSnurp blir midlertidig rektor ved Galtvort, men ho og dei andre lærarane fryktar at skulen må bli stengd etter at Humlesnurr døydde. Harry oppdagar at medaljongen han og Humlesnurr henta er falsk. Den faktiske medaljongen blei ein gong tatt av ein mystisk «R.A.B.». Etter gravferda bestemmer Harry seg for at han ikkje skal koma att til skulen sitt sjuande år, slik at han kan bruka all tida si på å finna og øydeleggja dei gjenverande malacruxane og kjempa mot Voldemort. Han fortel dette til vennene sine Hermine og Ronny, og dei to insisterer på å bli med han. Slik blir boka avslutta.