Harry Potter og fangen fra Azkaban

Denne artikkelen handlar om boka. For filmatiseringa med same namn, sjå Filmen Harry Potter og fangen fra Azkaban.

Harry Potter og Fangen fra Azkaban er ein roman av J.K. Rowling som kom ut i 1999. Det er den tredje boka i serien om trollmannen Harry Potter. Den norske omsetjinga (av Torstein Bugge Høverstad) kom året etter den engelske utgjevinga.

Utgjeving og tilbakemeldingar endre

Kritikk endre

Boka fekk for det meste god kritikk.[treng kjelde]

Anthony Holden var veldig negativ om boka. Han var ein av dommerane i Whitbread Award, og var mot at Fangen av Azkaban skulle få prisen. Holden kalla boka kjedeleg og dårleg skriven. Han meinte òg at karakterane var veldig flate og handlinga forutseieleg.[treng kjelde]

Sal endre

Berre to dagar etter at Fangen fra Azkaban kom ut, hadde boka selt meir enn 68 000 eksemplar i Storbritannia.

Utgåver endre

Harry Potter og fangen fra Azkaban blei gjeven ut i innbunden form i Storbritannia 8.juli 1999 og i USA 8. september same år. Den britiske pocket-utgåva blei gjeven ut 1. april 2000, medan den amerikanske pocket-utgåva kom ut 2. oktober 2001. Bloomsbury gav i tillegg ut ei vaksenutgåve av boka med eigen omslagsdesign. Ho kom ut i paperback på den 10 juli 2004 og innbunden i oktober 2004. Ei innbunden spesialutgåve, med ei grøn ramme og signatur på, kom ut 8. juli 1999.

Filmatisering endre

For eigen artikkel, sjå Filmen Harry Potter og fangen fra Azkaban.

Filmatiseringa av Harry Potter og fangen fra Azkaban kom ut i 2004 og blei regissert av Alfonso Cuarón etter eit manus av Steve Kloves. Filmen tente totalt 795 600 000 US-dollar på verdsbasis, noko som gjorde han til den nest mest innbringande filmen i 2004, etter Shrek 2.

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.