Harstad folkehøgskole
Harstad folkehøgskole, tidlegare Trondarnes Frilynte Folkehøgskole, er ein frilyndt folkehøgskule i Harstad i Troms fylke. Skulen tar årleg imot vel 70 elevar. Det er Stiftelsen Harstad Folkehøgskole som eig og driv skulen. Skulen opna i 1919 og vart gjenreist i 1948 etter å ha vorte råka av ein brann. Namnet vart endra til Harstad folkehøgskole 3. november 2015.
Harstad folkehøgskole | |||
Grunnlagd | 1919 | ||
---|---|---|---|
Region/fylke | Troms | ||
Kommune | Harstad | ||
Adresse | Trondenesveien 110, 9404 Harstad |