Opna hovudmenyen

Hartmanns operasjon eller Hartmanns prosedyre er ein kirurgisk reseksjon av rektosigmoideum med lukking av rektumstumpen og danninga av ein terminal kolostomi (endekolostomi). Inngrepet blei historisk bruka for å behandle kolorektal kreft og divertikulitt. I dag er inngrepet avgrensa til akuttkirurgi i tilhøve der det er vanskeleg å danne kirurgiske anastomosar.[1] Ein sjeldan gong blir det bruka palliativt hjå pasientar med kolorektale svulstar.[1] Prosedyren blei fyrste gong skildra i 1921 av den franske kirurgen Henri Albert Hartmann.[2] Prosedyren er skildra i detalj i boka Chirurgie du Rectum, utgjeve i 1931, som utgjorde det åttande volumet av verket Travaux de Chirurgie.[3] Prosedyren blei opphavleg skildra over to paragrafar på fransk, men har vorte omsett til engelsk av Thomas Pézier.[4]

Hartmanns prosedyre med proksimal endekolostomi eller ileostomi er den vanlegaste prosedyren ved behandlinga av vondarta obstruksjon i distal kolon. Prosedyren går ut på å fjerne lesjonen, etterfølgd av intraperitoneal lukking av den distale tarmen, avslutta med ei vidarekopling av den proksimale tarmen ved å skape ein stoma.

Indikasjonane for prosedyren er:

a) Lokalisert eller generalisert bukhinnebetennelse valda av tarmperforasjon som følgje av kreft
b) Forsvarleg, men skadd proksimal tarm, som utelukkar sikker anastomose.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Balanzoni S, Perrucci A, Pasi L, Montanari M (1997). «The Hartmann intervention. The current indications and the authors' own experience». Minerva Chir 52 (4): 383–6. 
  2. Hartmann, H.: 30th Congress Francais de Chirurgie-Process, Verheaux, Memoires, et Discussions, 30:411, 1921
  3. Ronel D, Hardy M (2002). «Henri Albert Hartmann: Labor and discipline.». Curr Surg 59 (1): 59–64. 
  4. Hotouras A (2008). «Henri Hartmann and his operation». Grand Rounds 8: L1–2. 
  Denne kirurgiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.