Hartmut Weber (fødd 17. oktober 1960) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Vest-Tyskland. Han vart i 1982 europameister på 400 meter.

Hartmut Weber
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. oktober 1960 (63 år)
Kamen
Idrett friidrett
Utmerkingar

Mannschaft des Jahres

Under EM i friidrett 1982 i Athen gjorde Weber sitt livs beste løp då han vann gullmedaljen på 400 meter på tida 44,72 sekund. I den same meisterskapen var han med på å ta gull også i 4 x 400 meter stafett, saman med Erwin Skamrahl, Harald Schmid og Thomas Giessing. Året etter kom Weber på femteplassen i 400-meterfinalen då VM i friidrett 1983 vart avvikla i Helsinki. Siste dagen i verdsmeisterskapen sprang han Vest-Tyskland inn til sølv i 4 x 400 m stafett, etter Erwin Skamrahl, Jörg Vaihinger og Harald Schmid hadde fullført sine etappar.

Kjelder endre