Has
Has er ein by og ein kommune i regionen Kukës i Albania. Kommunen ligg nordaust i landet og grensar i vest til regionen Shkodër, i aust til nabolandet Kosovo.
Has | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Kukës | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
400 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
16 790 | ||
Koordinatar | 42°12′0″N 20°25′0″E / 42.20000°N 20.41667°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Has kommune innafor regionen Kukës |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Krumë vart slått saman med landkommunane Fajza, Gjinaj og Golaj.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Krumë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Has, til saman hadde 16 790 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
endreFram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Has.[3]