Haugbonde eller gardvord var eit vette i norsk folketru som heldt til i ættehaugen ved ein gard og vakta over folk og eigedom.[1] Vettet var også kjend som gardsbonde, godbonde, haugebonde, tuft, tuftekall, nisse og tomt.[2]

Den første som rydda garden blei gravlagd i ættehaugen, der han seinare heldt til.[1] Også gardvorden (norrønt garðvǫrðr) kunne vera tenkt som den første bonden på garden, rudkallen. I alle høve såg han etter at alt gjekk rett for seg på garden. Han gav velstand og trivsel om ein stod på god fot med han og gav han dei offera han hadde krav på etter tradisjonen.[2]

Det blei gjerne ofra øl, mat og anna til haugbonden på haugen eller ved tuntreet.[1]

Namnet haugbonde (norrønt haugbúi) er vanleg i Telemark, men førestillinga er allmenn og høyrer til fedrekulten. Stundom var trua på haugbonden knytt til tuntreet, som ein ikkje måtte røra.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «haugbonde». Store norske leksikon (på norsk). 8. juli 2019. 
  2. 2,0 2,1 «gardvord». Store norske leksikon (på norsk). 8. juli 2019.