Haugesund Idrettslag

(Omdirigert frå Haugesund IL)

Haugesund Idrettslag er eit lag heimehøyrande i Haugesund, stifta i 1906. Laget er særleg aktivt i friidrett og er elles med i orientering. Haugesund IL har om lag 400 medlemer.

Per 2016 hadde HIL-medlemer vunne 143 NM-gull i friidrett, 90 av menn og 53 av kvinner. Mellom Haugesund IL sine mest kjende medlemer er far Eugen, son Terje og sonedotter Hanne Haugland. Elles kan nemnast kulestøytar Sissel Langballe, mellomdistanseløpar May Britt Stange og milslukar Kåre Osnes. Også Susanne Wigene var i si tid HIL-medlem.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre