Haukå ferjekai
Haukå ferjekai er ein nedlagd ferjestad i Haukå på nordsida av Norddalsfjorden i Kinn kommune i Vestland fylke. Ferjekaia vart opna i 1965 som del av dåverande Riksveg 614 mellom Flora og Bremanger. Frå Haukå gjekk ferjesambandet Haukå-Bjørnset til Bjørnset ferjekai.
Med opninga av Norddalsfjordbrua den 30. mai 1987 vart ferjesambandet nedlagt, og sidan er kaia fjerna og vegen brukt som tilkomstveg til eit nyanlegg.
Bakgrunnsstoff
endre- Gaute Losnegård: «Norddalsfjordbrua» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.